Hopp til innhold

Polsk mann slått ned ved utestad

Ein polsk statsborgar, busett i Sunnfjord er kritisk skadd etter at han vårt slått i svime utanfor ein pub i Bergen natt til søndag.

Vaagen pub

SLÅTT NED: Det var utanfor Vaagen Pub på Strandkaien at den 34-år gamle mannen vart slått ned natt til søndag.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Like over klokka 02 i natt fekk politiet i Bergen melding om at ein mann var slått ned utanfor ein utestad på Strandkaien.

Den 34 år gamle mannen ligg no kritisk skadd ved Haukeland Universitetssjukehus. Ein mann i 20-åra er pågripen.

Vart funnen bevisstlaus

Mannen som er busett på Sande, er fast tilsett i firmaet Nordvest Miljø As i Førde. I samband med ein firmatur var mannen saman med fleire kollegaer ute i Bergen.

Han skal ha blitt funne bevisstlaus på bakken utanfor puben og vart raskt frakta til sjukehus. Ifølgje politiet er det fleire vitne til hendinga.

Ein svært tung dag

NRK har snakka med avdelingsleiaren i firmaet mannen jobbar for. Han var sjølv med på turen, men var ikkje vitne til valdshendinga. Sjefen seier heile bedrifta er sterkt prega av det som har skjedd.

– Dette er ein frykteleg tung dag, seier avdelingsleiar Kai Apelseth ved Nordvest Miljø AS i Førde. Apelseth skildrar episoden som blind vald.

Den polske statsborgaren har lenge vore tilsett i firmaet. Også fleire nære familiemedlemmer av han jobbar i bedrifta. Familien i Polen er varsla og firmaet har tilbydd seg å dekke reise for dei til Bergen.

– Vi gjer alt for å ta vare på både dei pårørande og våre tilsette no. Dette er heilt forferdeleg og vi er alle svært prega, seier Apelseth.

Mann pågripen

Operasjonsleiar Ole Geir Magnussen ved Hordaland politidistrikt seier til NRK.no søndag ettermiddag at dei framleis jobbar med å finne fleire vitne til hendinga. Dei ber om tips frå publikum som kan ha sett noko.

Ein mann i 20-åra vart i natt pågripen for ugjerninga.

Han sit i arresten og vil bli avhøyrd i løpet anten søndag eller måndag. Politiet driv med både taktisk og teknisk etterforsking, men seier dei føler seg trygge på at dei har tatt rett gjerningsmann.

Politiadvokat Asbjørn Onarheim seier til NRK.no søndag kveld at mannen er sikta for lekamskrenking. Denne siktinga kan bli utvida.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.