- Ikkje meir ureining

- Fleire ferjeavgangar på Mannheller-Fodnes vil ikkje føre til meir ureining totalt sett. Det hevdar advokat Louis Anda i Sogndal.
Publisert 31.07.2006 11:12.
- Skriv ut
Det er tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, som meiner det er galskap å utvide talet på avgangar frå to til tre i timen. Han seier det vil skape meir ureining. Anda er ikkje samd i dette.
- Bilistane køyrer rolegare
- Hyppigare ferjefrekvens vil føre til at bilistane tek det litt meir med ro for å nå ferja, det vil og auke trafikktryggleiken. I tillegg vil bilane gå mindre på tomgang på ferjekaiane. I framtida vil vi og få gassferjer som ureinar mindre enn dagens ferjer.
Venta trafikkauke
Ferjesambandet Mannheller-Fodnes er det største i fylket, og Vegdirektoratet ønskjer å auke tilbodet frå 1. januar 2008. Då skal det bli berre 20 minutt mellom kvar ferjeavgang, mot 30 minutt i dag. Det er med i vurderinga at bomstasjonen i Fjærland vert avvikla i 2011, og Vegdirektoratet reknar med at det vil føre til ein vesentleg auke i trafikken.
Anda meiner ein auke i talet ferjeavgangar vil skape betre tilhøve både for turisme og trafikktryggleik i Sogn og Fjordane.
Erik Solheim, tidlegare leiar i Naturvernforbundet, ser ikkje poenget til Anda.
- Treng ikkje råkøyre i dag heller
- Slik eg har oppfatta det er det ikkje nødvendig å råkøyre for å nå ferjene på Mannheller-Fodnes i dag heller. Om ferjene går med 20 eller 30 minutts frekvens vil neppe endre vesentleg på køyremønsteret til bilistane.
Solheim meiner ureininga vil auke kraftig fordi talet på ferjeturar over fjorden blir auka vesentleg. I tillegg må ferjene gå med langt større fart enn i dag for å greie 20-minuttsfrekvens. Det vil og auke utsleppa ein god del.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket