Hopp til innhold

Dette er alt som står att etter den verdskjende filosofen

Ein av 1900-talets største filosofar, Ludwig Wittgenstein, budde fleire år i Skjolden. No vil bygdefolket ha eit verdig minnesmerke etter han.

Grunnmuren etter huset til Wittgenstein i Skjolden

SLIK SER DET UT: Grunnmuren etter huset til Wittgenstein.

Foto: Janneche Strønen

Filosofen Ludvig Wittgenstein (1889-1951)

VERDSKJEND FILOSOF: Ludwig Wittgenstein (1889-1951)

Foto: SCANPIX / SCANPIX

– Huset hans blei rive og sett opp att som bustadhus. Så då forsvann det minnesmerket, seier Harald Vatne som skal gi ut bok om Wittgenstein og skjoldingane.

Frå verandaen sin på Skjolden, inst i Sognefjorden, ser Harald Vatne heilt til «Austerrike», staden der den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein fekk oppført eit hus i 1914.

  • LES OGSÅ:

På ei avsidesliggjande fjellhylle ved Eidsvatnet står i dag berre grunnmuren att.

Vatne er svært interessert i historia om filosofen som kom til Skjolden i 1913, og samlar bilete til boka frå Wittgenstein si tid.

– Wittgenstein er ein betydeleg person. Han er ein av verdas mest kjende og mest siterte filosofar. Me har eit ynskje om at kommunen skal sikre dette området slik at me kan få gjort noko på tomta, seier Vatne.

(Saka held fram under biletet)

Wittgenstein hus i Skjolden

I GAMLE DAGER: Slik såg huset ut på kanten av Eidsvatnet.

Vil ha tomta regulert

Vatne har klare vyar for korleis ein kan setje staden i stand att.

– Draumen må vera å få huset tilbake og få ein viss aktivitet i det for folk som vil besøkje det. Og å forbetre tilkomsten til tomta, for det er jo ulendt, for å sei det slik, seier han.

I dag må ein gå ein halv time til fots frå Vassbakken ved riksveg 55 for å nå tomta. På Wittgenstein si tid måtte ein bruke båt for det var ikkje bru over elva.

Huset til Wittgenstein

HUSET: Detalj frå treskjæringane i minnetavla.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Det var jo føremålet til Wittgenstein, han ville at det skulle vere fredeleg.

– I dagbøkene sine seier han at han ikkje kunne arbeide nokon stad slik han kunne på Skjolden. Mykje av dei viktige tinga han skreiv er skrivne her, seier Vatne.

(Saka held fram under biletet)

Eidsvatnet

STEINTAVLE: Tavla er sett opp til minne for Wittgenstein. Like over vatnet stod huset.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Utsetjing

– Kommunen har sete på denne saka i fem år. Me får håpe det no losnar, for det er fyrst når ein har tomta at ein kan gjere noko, seier Vatne.

I kommuneplanen av desember 2008, vart tomta bandlagt for regulering som kulturhistorisk verdifullt område.

Arne Lerum

PLANSJEF: Arne Lerum seier dei skal til med regulering til neste år.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Det vart teke inn i planprogrammet at området skulle regulerast med oppstart våren 2010, men me fekk problem med at me kom i mangel på bustadområde. Bustadbygging vart prioritert og saka utsett med to år, seier plansjefen i Luster kommune, Arne Lerum.

Kommunen skal etter planen til med regulering neste år.

– Min arbeidsordre er å starte opp med regulering av området på våren 2012, seier Lerum.

Flott for turistane

Harald Vatne ser store moglegheiter for turismen i området og fortel om folk som kjem for å sitje på tomta og filosofere slik Wittgenstein gjorde.

– Dei som er interesserte, dei er veldig interesserte. Det er sjølvsagt mange universitetsfolk. Men òg andre, som er interesserte i historia om Wittgenstein og hans filosofi. Samla over heile verda, blir det ei stor gruppe menneske, seier han.

Huset til Wittgenstein i dag

ENDRA MYKJE: Huset står i dag på Skjolden.

Foto: Agnese Bremere / NRK