Hopp til innhold

Må utbetre tunnelar innan 2019

Fleire hundre tunnelar på stamvegnettet i Norge er i for dårleg stand. No må det store ekstraløyvingar til for å klare utbetre tunnelane innan få år.

Tunnel

DÅRLEGE: Mange tunnelar på Vestlandet stettar ikkje EU-krava til tunneltryggleik. (Biletet er frå ein av tunnelane på Strynefjellet der Vegvesenet har arbeidd med å byte ut takplatene).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dårlege tunnelar på vegnettet i vest er ikkje noko nytt. Når det no er utarbeidd eit EU-direktiv i forhold til trafikktryggleik i tunnelar er det særleg på Vestlandet at behovet for utbetring er stort.

Berre i Sogn og Fjordane er det 35 tunnelar som må utbetrast. 12 av dei må vere ferdig utbetra innan 2019. Då trengst det store ekstraløyvingar.

Nils Magne Slinde

KREVJANDE: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane seier det mellom anna blir utfordrande å skaffe nok entreprenørar til å gjere utbetringane.

Foto: NRK

– Dette er heilt umogleg å løyse innafor gjeldande budsjett. Så dette må vi spele inn når nasjonal transportplan skal reviderast, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Får frist til 2019

Mange av tunnelane i Norge er både for smale og for låge. Mange manglar skikkelege vifter og manglar eller har ikkje godt nok kommunikasjonsutstyr. Truleg er forfallet i tunnelane, berre i region Vest, rekna til nesten 4 milliardar kroner.

På grunn av eit strengt EU-regelverk er det no fleire hundre tunnelar som må utbetrast for å stette krava. Berre på stamvegane E16 og E39 gjennom Sogn og Fjordane må 12 tunnelar vere ferdig utbetra innan 2019.

Kan måtte skifte ut Gudvangatunnelen

Den 11,5 kilometer lange Gudvangatunnelen i Aurland kan måtte skiftast heilt ut og erstattast med ein ny tunnel, fortel Slinde.

– Dette er ein av dei eldste tunnelane vi har i fylket. Mykje av utrustinga og utforminga er frå midten av 80-talet, då krava til tunnelane var heilt andre enn dei er i dag, seier Slinde som legg til at også den veldige trafikkauka på E16 gjennom Sogn spelar inn.

Svært kostbart

Lars Erik Hauer

KOSTBART: Direktør Lars Erik Hauer i Vegdirektoratet seier det vil bli svært kostbart å oppgradere dei mange tunnelane som ikkje stettar EU-krava.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

På landsplan er det 500 tunnelar som må tilfredsstille dei nye krava. Svært mange av dei må gjennom utbetringar, nokre treng større oppgraderingar, medan andre treng mindre tiltak.

Kva dette vil koste vil ikkje Lars Erik Hauer, som er direktør i Vegdirektoratet seie noko om.

– Dette blir kostbart. I løpet av 2011 har vi gjort eit stort arbeid med å kartlegge kva som skal til for å tilfredsstille krava, seier Hauer til NRK.no.

Usikkert om ein vil klare det innan fristen

Slinde er usikker på om ein vil klare å utbetre dei 12 tunnelane på stamvegnettet i Sogn og Fjordane innan fristen i 2019.

– Dette blir krevjande. Det er mellom anna store utfordringar i forhold til å skaffe nok entreprenørar, seier Slinde.