Hopp til innhold

Sunnfjording sakna sidan måndag - familien ber om tips

Familien ber om tips etter at ein sunnfjording busett på Austlandet, har vore vekke sidan måndag.

Mannen i 40-åra blei tysdag meldt sakna, etter at ingen hadde sett han sidan måndag ettermiddag.

Politiet gjekk ut med etterlysing av mannen og bilen. Fredag blei det også søkt med helikopter, men utan resultat. Mannen køyrer ein grå Volkswagen Caravelle, med registreringsnummer JV 13329. Bilen skal ha utvendig stolheis/rampe.

Talsmann for familien, Tore Abelvik, seier at ingen har høyrt frå mannen sidan måndag.

– Ingen veit kvar han har blitt av. Familie og venner har leita etter han, saman med politi og Røde Kors. Førebels har det vore utan resultat, seier han.

Ifølgje Abelvik skal ikkje politiet funne bruk av bankkort eller mobiltelefon. No ber folk melde frå dersom dei har sett bilen. Sidan den sakna mannen er frå Sogn og Fjordane, går dei også ut med etterlysing her.

– No veit vi ikkje kva vi skal gjere. Både familie og venner ønskjer eit svar på kva som har skjedd.

Han ber dei som har tips om å ringje politiet på telefon 02800 eller Nordre Buskerud politidistrikt på 32 10 32 10.