To trafikkuhell måndag morgon
To personar er sende til legesjekk etter trafikkuhell på Sandane og i Sogndalsdalen måndag morgon.
Publisert 31.07.2006 08:34.
- Skriv ut
Ein person vart send til lege etter ei utforkøyring på riksveg 5 i Sogndalsdalen i dag tidleg.
Politiet fekk melding om uhellet rett over klokka seks.
Det var to personar i bilen då den hamna utfor vegen. Den andre personen fekk ikkje skadar. Ingen andre bilar skal vere involverte i uhellet.
Lastebil utfor på Sandane
Ved Eide Gartneri på Sandane køyrde ein liten lastebil ut av vegen i morgontimane.
Ein person er send til legesjekk. Ingen andre bilar var involverte i uhellet.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket