Sognefjellet har strålande skiføre

Storslegen natur på Sognefjellet. Kven får ikkje lyst å spenna på seg skia når ein ser slike bilete?
Foto: Anders FortunTrass i mildvêret: Sognefjellet har strålande skiføre.
Publisert 03.11.2011 21:43.
- Skriv ut
– Det er flotte forhold på Sognefjellet no, seier Anders Fortun, som er ein av dei som no preparerer skiløyper for full maskin.
Einaste i landet
– Sognefjellet er no den einaste staden i landet ein får skikkelege skiløyper, seier Fortun.
- LES ÓG: Beitosprinten er avlyst
Han ventar at om lag 80–90 personar skal koma å nytta seg av dei nypreparerte løypene i helga.

Det blir jobba mykje for at forholda skal bli optimale.
Foto: Anders Fortun– I dag var det to varmegrader, so det tærar litt på snøen. Snødjupna varierer mellom 30 centimeter og 50 centimeter, fortel Fortun.
Høyr praten med Anders Fortun i ettermiddagssendinga i dag.

Gravemaskin må til for å skaffa nok snø til løypa.
Foto: Anders Fortun
















Sol og sommar i fylket