Qfilm er ein filmfestival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film. I år feirar festivalen på Sandane 10 år og fokuset har spesielt vore å inspirere og engasjere ungdom til å produsere kortfilmar.
No nærmar festivalen seg og då tenkjer arrangørane kreativt.
Denne veka har dei spraya Q-logoen og datoen for festivalen på rundballar omkring på Sandane, Byrkjelo, Skei, Stryn og Eid. I tillegg har den grøne Q-film maskoten vist seg både her og der.
- LES OGSÅ:
Hektisk innspurt
Med to veker att vedgår festivalleiar Mathilde Dahl Igland at det blir mykje jobbing.
– Det blir ofte kveldar på klasserommet med hard jobbing. Sjølv om det er mykje å gjere, så har vi det veldig kjekt. Dette er erfaring vi har stor nytte av.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Qfilmveka i år er frå 13–18. november. Det blir kinovisning kvar dag, der alle filmane er nordiske. Mellom anna blir filmane ”Varg Veum – i mørket er alle ulver grå” og skifilmen ”Being There” viste. Måndag er det duka for kick-off på Gloppen hotell, der dei innsendte filmane til kortfilmkonkurransen blir viste.
(Artikkelen held fram under biletet)
Kortfilmkonkurranse
Kortfilmkonkurransen er eit samarbeid mellom Qfilm og NRK Sogn og Fjordane. Ungdom mellom 13–25 år er oppmoda til å delta og kan melde på filmar innan forskjellige kategoriar.
Dette er: beste animasjon, beste dokumentar, beste fiksjon, beste nybyrjar, beste skodespelar, beste regi og publikumsprisen.
Fristen for å levere inn filmar gjekk ut 30. oktober og i løpet av neste veke vil filmane bli lagde ut på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Her kan folk stemme på det dei meiner er det beste bidraget.
Lovar fleire stunt
Arrangørane seier folk ikkje skal sjå vekk frå at det blir meir å sjå til Qfilm framover. PR-ansvarleg Heidu Hygen Skoghei seier dei har fleire planar som skal bli sette i verk snart.
– Når vi begynner å få praktiske ting på plass skal vi få til fleire PR-stunt og vidareføre marknadsføringa. Vi har mange planer for korleis vi skal gjere dette, så det er berre å vente å sjå, seier Hygen Skoghei.