Hopp til innhold

Datamaskiner og TV-apparat er dei nye klimaverstingane i heimane

Nordmenn kjøper meir enn dobbelt så mange fjernsynsapparat i dag som for ti år sidan. Hushaldningselektronikken utgjer difor ein mykje større del av klimautsleppa i hushaldningane, viser ein ny studie.

Steinar Aase

SEL MYKJE: Elektronikkforhandlar Steinar Aase og andre i bransjen opplever ein sterk vekst i salet av datamaskiner og flatskjermar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Flatskjermar og PC-ar er blitt klimaverstingane i norske heimar, viser ei ny gransking. Grunnen er at nordmenn kjøper meir enn dobbelt så mykje hushaldningselektronikk i dag som for ti år sidan.

Fleire TV-ar i heimane

Det har Steinar Aase, dagleg leiar i elektrobutikken Magne Aase i Førde, merka godt.

– Før var det gjerne ein TV i kvar heim, den stod i stova. No er det gjerne ein i stova, ein i kjellarstova og gjerne ein til kvar av ungane. Også på kjøkenet er det vanleg å ha TV. Så frå å vera ein TV i kvart hus, så har det kanskje blitt tre til seks apparat, seier Aase.

Situasjonen er endra

Professor ved Program for industriell økologi ved NTNU, Edgar Hertwich, står bak granskinga.

Han peikar på at det har vore ei vanleg oppfatning at store kvitevarer som vaskemaskinar, tørketromlar, kjøleskåp og frysarar slepp ut mest klimagassar i norske heimar, i tillegg til oppvarming og varmtvatn.

– Det har òg vore vanleg å tru at det er bruken av elektronikk som utgjer den største delen av utslepp frå slike varer. Slik var det på 1980- og 90-talet, men situasjonen har endra seg mykje sidan då, seier Edgar Hertwich, professor ved Program for industriell økologi ved NTNU.

Kastar og kjøper nytt

Nordmenn kastar fullt bruktbart elektroutstyr for å få nye, meir sofistikerte modellar. Slik elektronikk utgjer difor ein mykje større del av klimautsleppa frå norske hushaldningar enn for berre få år sidan, fortel Hertwich.

– Det er ei betydeleg mengd med utslepp av klimagassar som er knytt til produksjon, spesielt av TV-ar og PC-ar, seier professoren.
I år slepp norske heimar ut i snitt 15 tonn Co2. Utsleppet må kraftig ned, meiner Hertwich.

– For å redde klimaet må dei totale utsleppa frå ein norsk hushaldning bli reduserte til 1000 kilogram per år innan 2050. Då utgjer utsleppa berre frå PC-ar og TV-apparat ein stor del, seier Hertwich.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elektronisk avfall

STORE MENGDER: Svært mykje elektronisk avfall vert kvart år deponert og resirkulert i Noreg.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Krev endra haldningar


Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, meiner problemet også ligg hos dei som lagar alle produkta folk vil ha i heimane sine.

– Produsentane må ta eit mykje større ansvar i å lage produkt med lang haldbarheit, seier Haltbrekken.

Han meiner Regjeringa må auka garantitida på PC-ar, flatskjermar og elektroniske duppedingsar, som i dag er på fem år.

  • LES OGSÅ:

– Det tyder då at produsentane er nøydde til å lage meir haldbare produkt, slik at det blir meir lønsamt for folk å reparere dei produkta dei har framfor å kjøpe nye.

Vil ha forbod

Audun Garberg, politisk rådgivar i Miljøverndepartementet frå SV, vurderer Regjeringa sin innsats slik:

– Det er heilt klart at ein kan bli betre, og jobbar jo kontinuerleg for det. Mellom anna jobbar vi internasjonalt for å få til forbod mot kjemikaliar i forbrukarprodukt. Vi jobbar og for å få på plass internasjonal klimaavtale som gjer at utsleppa frå energien som blir brukt til å produsere desse varene, blir redusert, seier Garberg.

Mykje el-avfall

I elektrobutikken til Steinar Aase er pågangen stor frå kundar som vil kjøpe nye mobiltelefonar, PC-ar og fjernsynsapparat.

Etter 30 år i bransjen overraskar det ikkje Aase at hushaldningselektronikken er den store miljøsyndaren i norske heimar. Men han meiner at ein må sjå dette frå fleire sider.

– Dette er ei todelt sak. På mange PC-ar er det krav til større kapasitet no enn tidlegare. Samtidig må ein og sjå på det i eit miljøaspekt. Noreg er best i Europa på innsamling av el-retur, ikkje berre på data og TV, meg og på kvitevarer, mobiltelefonar og anna.

Aase peikar på at Noreg er heilt i Europatoppen når det gjeld retur og resirkulering av elektronisk avfall. Han peikar og på at meir moderne utstyr er meir miljøvenleg.

– Det er sjølvsagt eit ønskje om større skjermar, men det er og eit miljøaspekt her. Nye apparat brukar mindre straum enn dei gamla apparata gjorde. Det er mange sider ved denne saka, og det er viktig å sjå det frå fleire sider.

Vil ha endra politikk

Professor Edgar Hertwich meiner derimot at miljøpolitikken må endrast, dersom ein skal kunne gjere noko med utslepp frå dei nye hushaldningsapparata.

– EU har ført ein bevisst politikk med energimerking av varer og minstekrav til energieffektivitet. Det har ført til at energiforbruket frå desse store kvitevarene har gått ned. Men samstundes har det kome ei rekkje elektroniske produkt som ein ikkje fann i norske heimar før, seier han.

– Dette har ført til at produksjonen av dette elektriske utstyret har fått mykje meir å seie for klimagassutsleppa berre dei siste åra, forklarer Hertwich.