Hopp til innhold

Vart knuste med 31 mål mot Oppsal

Etter siger mot Fjellhammer i går var Jotun-jentene ved godt mot før kampen mot serieleiar Oppsal, men kampen enda med stortap.

Jannicke Øyre Nundal

STORTAP: Det vart stortap mot Oppsal for Jannicke Øyre Nundal og resten av Jotunjentene.

Foto: Siren B. Svortevik

Jotun som har spelt to kampar denne helga vann den fyrste mot Fjellhammer på laurdag. Sportsleg leiar Torstein Kvam var i går førebudd på at kampen i dag mot Oppsal ville verte tøff, men såg ikkje bort ifrå at det kunne verte poeng.

– Vi vann mot Oppsal i fjor, så ein skal aldri seie aldri, sa Kvam til NRK.no i går.

Tapte heile 45-14

Slik vart det altså ikkje. Til pause hadde Oppsal scora heile 25 mål, medan Jotun berre hadde fått inn 7.

– Det var litt forventa, vi viste dei var gode og det vart tøft, men vi ville sjølvsagt gjere vårt beste. Tapet vart nok større enn vi hadde rekna med, seier Jannicke Øyre Nundal, som er ein av spelarane på Jotun.

– Kva var årsaka til stortapet?

– Oppsal har mange klassespelarar og meir tempo enn oss, men vi kunne prestert betre, seier Øyre Nundal.

Ser framover

Etter sigeren mot Fjellhammer i går var Jotuntrenaren så nøgd med handballjentene at han lovde dei dessert, men ein kan ikkje skulde dagens tap på den seier ei lattermild Øyre Nundal.

– Haha, nei vi får tru at det ikkje var desserten som gjorde at vi var litt tunge i kroppen i dag.

Mange har Oppsal som storfavoritt i årets sesong og dei har vunne alle sine fem kampar så langt. Jotun får trøyste seg med to viktige poeng frå laurdagens kamp. Dei har i alle fall framleis både humør og motivasjon.

– Vi må fortsette å plukke poeng. Under kampen på laurdag var det mykje som fungerte, så vi må prøve å halde på den linja. No har vi ein del heimekampar framover også så det skal bli godt å spele med heimepublikummet i ryggen, seier Øyre Nundal.