26.05.2012

Bjørnen har herja i Fjærland igjen

Bjørnen har vore på ferde igjen i Fjærland. Fredag vart det funne eit nytt sauekadaver på Blåbærstølen i Horpedalsdalen.

Sverre Tveiten i Statens naturoppsyn meiner det er bjørn som har teke livet av sauen.

– Det er mykje som tyder på at det er bjørnen som har vore på ferde, det er snakk om ein vaksen sau som det er ete noko av brystfeittet av. Dette er typisk for bjørn, i tillegg ser det ut som kadaveret har vore flytta og det talar for eit sterkt rovdyr, seier han til Sogn Avis.

Blåbærstølen ligg ikkje langt frå Veitastrond, og berre tre mil i luftlinje frå Jostedal, der bjørnen også har herja mykje i sommar.

- Dette er ingen avstand for ein bjørn, seier Tveiten.