Hopp til innhold

Lågkarbotrend tømer meieria for smør

Ei lågkarbobølgje feiar over landet. Feitthungrige nordmenn gjer at Tine går tom for smør.

Tine Meierismør

SMØR, SMØR OG SMØR: Eit kosthald med mykje feitt er på moten og fleire butikkar opplever no at salet av smør når nye høgder.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Eitt kosthald med mykje feitt er på moten og vekeblad og aviser er fulle av gode oppskrifter som inneber mykje av dei feite meieriprodukta.

Salet av slike feite produkt har gått rett til vers og no ser det ut til at lågkarbobølgja har endra mjølkekrava.

Sel 50 prosent meir smør

Geir Thomas Espe testar jordbær

NØGD: Geir Thomas Espe ved Coop Mega i Førde er svært nøgd med det auka salet av smør. (Her fotografert i eit anna høve).

Foto: Kamilla Mygland Storaker / NRK

Rundt om kring i norske mjølkefjøs går mjølkemaskinene for fullt og kyrne har nok å gjere. Butikkane går no nemleg tome for smør.

For lågkarbo er populært som aldri før. No er det blitt kvardags å ete smør på flesk for å smelte vekk bilringane. På Coop Mega i Førde har dei hatt ei auke på 50 prosent i smørsalet.

Det får butikksjef Geir Thomas Espe til å glise feitt.

– Vi synst denne trenden er gøy. Dette gir ein veldig auke i omsetnaden på nokre varekategoriar, seier Espe til NRK.no.

Fryktar fleire tomme butikkhyller

Problemet er berre å skaffe nok mjølk til å produsere desse store mengdene med smør. Sidan kyr flest kalvar om våren, har dei fri frå mjølkinga på seinsommar og tidleg haust. Med andre ord er det no rett og slett lavsesong for mjølk.

Når det i tillegg har vore ein elendig sommar og kvaliteten på fôret har blitt forringa er mjølkeproduksjonen lågare enn den pleier. Produsentane av feite mjølkeprodukt slit med å levere nok til feittglade nordmenn.

Olav Håland

GÅR TOM: Olav Håland i Tine fortel at dei enkelte dagar opplever at det blir tomt for dei feite mjølkeprodukta i butikkane.

Foto: Tine

I Tine er dei uroa over tomme butikkhyller.

– I hovudsak gjeld det smør, rømme og creme fraîche. Vi har hatt problem med å skaffe nok råstoff til å produsere desse produkta, fortel Olav Håland som er kommunikasjonssjef i Tine Vest.

Han fortel at dei på enkelte dagar opplever at det går tomt i nokre butikkar.

– Har Tine produsert meir smør dei siste vekene?

– Ja, absolutt, seier Håland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Norddal

MERKAR TRENDEN: Mjølkebonde Magne Norddal får meir betalt for feittrik mjølk no enn før.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

– Mjølkefeitt er meir verdt no

Også blant dei som produserer mjølk har dei merka seg at lågkarbotrenden går sin sigersgang over heile landet. Trenden har faktisk endra kriteria for kva som er god mjølk.

– Mjølk vert prisa etter kvalitet, og feitt er eit av kvalitetsbarometera. Tidlegare har vi blitt trekte i pris dersom mjølka er for feittrik, men no har denne prisdifferensieringa blitt mindre og mindre, seier mjølkebonde Magne Norddal frå Dale.

– Har dette noko med lavkarbotrenden å gjere?

– Ja, mjølkefeitt har truleg blitt meir verdt no, seier Norddal.

Ikkje alle som går for lavkarbo...

Men å endre på mjølkeproduksjonen er ikkje like fort gjort som det er å hive seg på siste slanketrend.

– Vi må ha tid på oss dersom vi skal endre produksjonen, men vi må følgje med marknaden, seier Norddal.

For kyrne er det uansett ikkje lågkarbo som gjeld, dei har heilt eigne slankemetodar. Dei beste mjølkekyrne til Norddal mjølkar opp mot 45 liter i døgnet. Etter ei mjølking er brått fleire kilo vekke.

– Ja, i løpet av ei mjølking er kua plutseleg 20 kilo lettare, så det set dei stor pris, seier Norddal.

Ifølgje kommunikasjonssjef Lars Galtung i Tine er trenden den same over heile landet. Utviklinga er dessutan gjeldande også for resten av Norden.