26.05.2012

Fylkets tøffaste klar for å møte verdas beste i fullkontakt karate

Even Mannsåker (Foto: Privat)

VM-KLAR: Even Mannsåker har trent knallhardt for å komme dit han er i dag.

Foto: Privat

Onsdag landar Even Mannsåker frå Høyanger i Tokyo i Japan, klar for å kjempe med flagget på brystet i verdsmeisterskapen i fullkontakt-karate.

24-åringen, starta karriera si i karateklubben i Høyanger som åtteåring. No 16 år seinare er den store draumen i ferd med å bli røyndom.

– Dette er det største ein kan vere med på i denne sporten. Eg trur det er litt meir spesielt for oss, vi har berre eit VM kvart fjerde år. Vi har og open vektklasse, her kan eg møte motstandarar på alt frå 60 til 120 kilo, fortel Mannsåker til NRK.

Knalltøff idrett

Etter siger i Swiss Open i juni og sølv i Danish Open i september, føler han seg klar for VM i kyokushin karate, eller fullkontakt karate. Dette er ein av dei aller tøffaste kampsportane i verda, og ein stor idrett i Asia, særleg i Japan.

– Ein skal ha høge mål, men ein skal framleis vere realistisk. No er dette mitt første VM, eg har fått ein del opplæring på det å handtere dette mentalt når eg kjem ned dit. Det eg har høyrt av mange andre landslagsutøvarar frå andre land, er at dersom ein fighter klarer å syne fram 50 prosent av seg sjølv når ein kjem til VM, så er det ein bra prestasjon. Presset er stort, ikkje minst når VM skal vere i Japan, med titusenvis av tilskodarar, fortel Even.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Mannsåker (Foto: Privat)

VANN GULL: Even i kamp under Swiss Open tidlegare i år.

Foto: Privat

Kun ein deltakar

Han skal møta ein spanjol i første kampen under VM i Japan.

– Han er overkommeleg, men han har medaljar frå mellom anna EM, så han ligg jo over meg på merittlista. Men eg ser framleis at han er ein overkommeleg motstandar, meiner Mannsåker.

For kampsportutøvaren frå Høyanger er VM den førebelse enden på ei reise som byrja for fire år sidan.

– Noreg har berre har ein plass i VM og at ein skal kjempe bra for å klare å kome med. Eg har kjempa ekstra hardt fordi eg er mellomvektar. Det er klart at når ein har ein open meisterskap, så favoriserar det alle tungvektarane. Men eg meiner at eg har klart å prove at eg fortener plassen.

Stor idrett i Japan

Under Danish Open i september knakk han ei tå, noko som sette han tilbake treningsmessig. Men no reknar han med at han er klar, bokstaveleg tala for fight.

– Fullkontakt karate er jo ein relativt liten idrett i Noreg, korleis er dette i Japan?

– Der er det ein av dei største idrettane. Dei har den same kulturen for kampsport, som vi har for ski og handball. Stemningen er ein heilt annan. Både stemningsmessig og kulturmessig kjem eg til å oppleve mykje nytt, vonar Mannsåker.

Tok med kulturen

Han er i dag busett i Sverige, der han tek utdanning som naprapat. Heit frå han var åtte til han flytta på seg i 2007, hadde han same trenar i Høyangerhallen.

– Når eg tenkjer på at eg byrja med karate i Høyangerhallen som 8-åring, så er det jo ein heilt surrealistisk tanke at eg no er på veg til VM. Hadde den same trenaren til eg flytta austover. Den kulturen eg har med frå Høyanger har veldig mykje å seie i min bakgrunn. Nervane er under kontroll, eg gler meg til å kjempe foran titusenvis av folk i Japan, sler Even fast.