Hopp til innhold

Vart berga av redningsskøyte som risikerer å bli sett på land

Fisketrålaren Ringbas var berre meter frå dei kvasse berga då den vart redda av redningsskøyta KG Jepsen. Same redningsskøyta risikerer å bli sett på land.

Fiskebåten Ringbas saman med redningsskøyta KG Jepsen

VART BERGA: Fiskebåten Ringbas vart berga av redningsskøyta og låg i går kveld trygt i land i Florø.

Foto: Redningsskøyta KG Jepsen

Skipperen på ringnotsnurparen Ringbas frå Måløy prisar seg lukkeleg for at redningsskøyta KG Jepsen var i nærleiken då dei fekk ei not i propellen søndag. I Solheimsfjorden sør for Florø vart båten liggjande i sterk vind.

Til alt hell kom KG Jepsen raskt til og kunne slepe båten vekk frå det som fort kunne gått mykje verre.

– Vi hadde ikkje sjanse til å kome oss nokon veg, og verste fall kunne vi gått på grunn, seier skipper Werner Rønning til NRK.no.

KG Jepsen slepte fiskebåten til kai i Florø. Der jobba ein dykkar i seks timar med å fjerne nota som hadde sett seg fast i baugpropellen.

Fryktar for framtida

Redningsskøyta KG Jepsen er den største redningsskøyta langs kysten av Sogn og Fjordane. Den dekker området frå Sognefjorden og nord til Stad og er den skøyta med kapasitet til å berge dei største båtane og skipa.

Men båten går ei usikker framtid i møte. Redningsselskapet fekk 30 millionar mindre enn dei hadde bede om i forslaget til statsbudsjett, og det vil få følgjer.

Redningsselskapet kan bli nøydde til å setje båtar på land.

Kan bli sett på land

Ifølgje skipsførar på KG Jepsen, Alfred Finstad Aastrøm er den største båten langs kysten av Sogn og Fjordane ein av båtane som står i faresona.

– Vi har den største båten i dette område. Vi har størst motor og vi brukar mest drivstoff. Det kostar og det blir fort vår båt som ryk dersom vi må spare pengar, seier Finstad Aastrøm til NRK.no.

Seinast 15. september fekk folk over heile landet sjå beviset på kor viktig redningsskøytene langs kysten er. Då tok det berre sju minutt frå kapteinen slo alarm til redningsskøytene hadde slepar om bord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dykker skal fjerne not frå propellen på fiskebåten Ringbas

FJERNA NOTA: Ein dykkar frå redningsskøyta jobba i fleire timar for å fjerne nota som hadde sett seg fast i baugpropellen.

Foto: Redningsskøyta KG Jepsen

Unngår alvorlege hendingar

Hendingar som den i går, der fiskebåtar kjem i trøbbel skjer stadig vekk.

Skipsførar Finstad Aastrøm seier dei ofte unngår større og meir alvorlege hendingar fordi dei kan vere raskt på staden.

– Fisketrålaren i går hadde ei nødløysing med at den kunne køyrd maskinene litt slik at dei fekk bakka litt. Men hadde det vore dårlegare vêr hadde dei fort blitt liggjande å dunke i berget. Då hadde til dømes faren for oljelekkasje auka, seier Finstad Aastrøm.

– Kven tek ansvaret når liv går tapt?

Skipperen på Ringbas kjem sjølv frå Lofoten. Han seier folk langs heile kysten i alle år har snakka om kor viktig det er med ein oppegåande beredskap med redningsskøyter.

Han meiner det er forferdeleg at politikarane ikkje vil løyve nok pengar til at Redningsselskapet kan drive slik dei meiner dei bør.

– Her set ein menneskeliv opp mot pengar. Kva når ein båt går ned og ein i ettertid ser at ei redningsskøyte kunne ha redda den? Kven vil då ta ansvaret for at ein ikkje hadde pengar, og at det i verste fall har gått liv tapt? seier Werner og legg til:

– Redningsskøytene er alfa-omega for kysten.