Hopp til innhold

Dale Sko er slegne konkurs

Den over 100 år gamle bedrifta Dale Sko er slege konkurs etter at dei ikkje kunne innfri eit momskrav frå Skatt Vest.

Dale Sko
Foto: Ottar Starheim / NRK

Eigar av Dale Sko, Stein Grov Eilertsen, måtte i dag gå den tunge vegen til skifteretten etter manglande innbetaling av eit ukjent momsbeløp til Skatt Vest.

Eilertsen ønskte ikkje å kommentere konkursen ovanfor nrk.no då han var i skifteretten.

Dermed kan det vere kroken på døra for godt for 112 år med skoproduksjon i Fjaler.

Har slite med å få lønnsemd

Dei noverande eigarane av Dale sko har slite tungt med å få lønnsemd i skofabrikken etter at dei tok over for fem år sidan.

Skoverksemda har ifølgje næringslivsdatabasen Purhelp to tilsette, og er ein av dei siste skoprodusentane som er att i landet.

Mykje av produksjonen til Dale Sko har vorte flytta til utlandet.

I 2007 og 2008 gjekk bedrifta med underskot, medan ho i 2009 gjekk med 1,2 millionar i pluss.

Styreleiar trekte seg

Ifølgje Purehelp trekte styreleiar Lillian Høyvang Andreassen seg frå vervet 1.oktober i år.

Ho har stadfesta ovanfor nrk.no at ho trekte seg som styreleiar på grunn av måten ho vart orientert om konkurskravet på. Høyvang Andreassen meiner det heile kunne vore unngått.

Vemodig ordførar

Ordførar i Fjaler, Arve Helle, seier det er ein vemodig dag.

- Om dette er kroken på døra er det både vemodig og trist. Vi snakkar om ein tradisjon som har halde på i 112 år. Det er ein avslutning på ein lang epoke, seier Helle.

Han er usikker på om drifta i skofabrikken har moglegheit for å starte opp att etter konkursen.

Storheitstida på 70-talet

- Vi har jo sett det fleire gonger at det har skjedd, men det vert vel tyngre og tyngre for kvar gong det skjer. Storheitstida til fabrikken var på 70-talet, og sidan har produksjonen blitt mindre. Men det ser kanskje ikkje så lyst ut for ein ny start no.

Ordføraren meiner det er uheldig for Dale at arbeidsplassar forsvinn.

- Ein kvar arbeidsplass vi mistar er ikkje bra.