Det var i 11-tida laurdag at eit større steinras losna ved Ugla mellom Olden og Innvik. Sidan då har vegen vore stengt.
- LES OGSÅ: Sekund frå å bli teken av steinras
- SJÅ OGSÅ: Oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen
Reknar med å opne vegen måndag
Søndag har klatrarar og geolog vurdert faren for nye ras. Vegen vart ikkje opna søndag kveld, men Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen håpar på å få opna vegen i løpet av måndagen.
– Vi reknar med at når det lysnar vil vi pusse opp vegen, rydde opp på vegbana og ordne litt med asfalten. Vi vil då vidare vurdere og sjå om det har vore noko meir liv der i løpet av natta og deretter opne vegen, fortel Karlsen som reknar med at måndag føremiddag vil gå før dei får opna.
Karlsen seier ved 09-tida måndag morgon at det var meir å reinske enn dei hadde trudd. Vegen vil difor tidlegast kunne opne klokka 12.
Ingen vart skadde
Til alt hell vart ingen skadde då steinmassane kom deisande ned i vegbana laurdag føremiddag, men det kunne gått gale. Pål Westberg Langrind frå Oslo var farleg nære raset.
– Det kom veldig brått. Kona merka at steinblokka kom. Eg hadde ikkje stor fart, 40–50 kilometer i timen, så eg fekk bremsa opp. Vi fekk eit tre i bilen, men den største steinblokka landa fem-ti meter framfor bilen, fortel Westberg Langrind.
- LES OGSÅ: Ektepar nær teken av steinras