Hopp til innhold

Stryning vart i helga vald til ny visepresident i Norges Røde Kors

Hanne-Marie Heggdal frå Innvik er ny visepresident i Norges Røde Kors.

Landsmøte 2011

VISEPRESIDENT: Hanne-Marie Heggdal er ny visepresident i Røde Kors. Her er ho saman med Sven Mollekleiv som er president i Røde Kors.

Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors

Det var under landsmøtet på Gardermoen i helga at Hanne-Marie Heggdal vart vald til ny visepresident saman med Svein Erik Åsen frå Nordland.

Stor støtte

Heggdal fekk ingen motkandidatar til kandidaturet og det var stor støtte frå landsmøtet til Heggdal.

– Hanne-Marie Heggdal fekk samla oppslutnad som visepresident og er den fyrste frå vårt fylke som går inn i det øvste leiarnivået i Noregs største humanitære organisasjon, fortel Margunn Masdal frå Sogn og Fjordane Røde Kors.

Overvelda

Heggdal sjølv vart overvelda over den store tilliten landsmøtet synte ho og no gler ho seg til å utvikle organisasjonen vidare.

– Røde Kors i Noreg står meg nært, og eg ser fram til å kunne utvikle organisasjonen, inspirere den lokale aktiviteten og forvalte verdiane i Røde Kors, seier Heggdal.