Hopp til innhold

Uvisst om Fv 60 opnar i dag

Det er førebels uvisst når fylkesveg 60 i Nordfjord vil opne att etter steinraset laurdag.

Fjellsida på rasstaden mellom Olden og Innvik.

SLEPPOMRÅDET: Det kom ned tre store blokker, ein del mindre blokker og tre i raset ved Ugla.

Foto: Magne Gunnar Holen

Utover søndagen vil nokre klatrarar og geolog vurdere faren for nye ras.

– Dei har håp om å kunne opne vegen i dag, men det blir i så fall sein ettermiddag. Før ein får rydda sjølve raset må ein reinske lausmassar som ligg i terrenget, opplyser vaktoperatør Morten Hansen ved vegmeldingssentralen i Fyllingsdalen.

Fryktar nye ras

Eit reinskelag har både laurdag og søndag vore i rasområdet og reinska lausmasser frå terrenget der eit større steinras losna ved Ugla mellom Olden og Innvik.

Sleppområdet er kring 50 meter over vegbana.

– Det låg mykje lausmassar i terrenget og geologen frykta det kunne komme ned meir, seier Hagen.

Nær tekne

Ingen personar vart skadde i raset som gjekk i 11-tida laurdag føremiddag. Men både Pål Westberg Langrind og kona hans, samt Bjarne Gjerde, var nærare enn dei skulle ynskt.

Steinane dundra i vegbana like etter at Gjerde hadde passert med mjølkebilen . Bak han kom ekteparet frå Oslo.

– Mjølkebilen hadde akkurat kome seg igjennom, så kom steinblokka. Eg vil ikkje tenkje på kva som hadde skjedd om vi kom eitt sekund før, fortalde Westberg Langrind til NRK.no.