Hopp til innhold

Sett inn ekstra ferjeavgangar

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik vil ikkje bli opna att i dag.

Opprusting på Anda ferjekai

GÅR HYPPIGARE: Ferjesambande Lote-Anda vil gå gjennom heile natta for å ta unna omdirigert trafikk frå Olden-Innvik.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fjord1 har respondert positivt på spørsmål frå Statens vegvesen om fleire ferjeavgangar på omkøyringsvegen E39.

Sambandet Anda-Lote vil gå kvardagsruter fram til klokka 2215 laurdag kveld. Etter det vil det fram til 07 søndag morgon gå ferje kvar heile klokketime frå Lote, og kvart over kvar heile time frå Anda.