Hopp til innhold

Sat fastklemde i brennande bilvrak

To ungdomar er sende til sjukehus etter ei dramatisk trafikkulukke på fylkesveg 55 i Leikanger.

Trafikkulukke i Leikanger.

DRAMATISK: To ungdomar kom frå det med livet i behald etter den dramatiske trafikkulukka i Leikanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Føraren mista kontrollen over bilen, ein Ford Sierra, på veg i retning Hella. Bilen tok til å brenne etter ulukka.

Dei to ungdomane sat ei tid fastklemde, men vart berga fri frå det brennande bilvraket av snarrådige forbipasserande med førstehjelpskunnskap.

Trafikkulukke i Leikanger.

UTBRENT: Bilen er fullstendig knust og utbrent etter trafikkulukka i Leikanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi kom til staden og gjorde vårt beste for å hjelpe dei to ungdomane, fortel ein av dei til NRK.no.

Kløyvde skilt

Ulukka skjedde på fylkesveg 55 like ved kyrkjegarden ved Tinghus 2. Augevitne fortel at bilen kom i retning Hella då føraren mista kontroll på bilen og kom over i feil køyrefelt. Der skal den ha treft ei sandkasse tilhøyrande Statens vegvesen.

Bilen skal så ha floge i lufta og gått via ei gravemaskin før den kløyvde i eit fotgjengarskilt. Bergingsmannskap seier dei snarrådige forbipasserande truleg berga livet til ungdomane.

– Vi fekk melding om ulukka via AMK. Begge personane som var i bilen har kome seg ut, fekk NRK.no opplyst ved politiet sin operasjonssentral i Florø kort tid etter ulukka.

Til sjukehus

Trafikkulukke i Leikanger.

RASKT TIL: Brannvesenet kom raskt til ulukkesstaden, men kunne ikkje hindre at bilen vart fullstendig utbrend.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Begge dei to ungdomane blir frakta til sjukehus med helikopter. Den eine med luftambulanse til Førde, den andre med Sea King til Haukeland.

AMK opplyser i 23-tida at den eine, ein 21-åring, er lettare skadd. Det er førebels uvisst om pasienten blir lagt inn på vanleg avdeling eller på intensivavdelinga.

Tilstanden for den andre pasienten, som er i slutten av tenåra, er førebels uviss. Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

– Bilen skal ha køyrt inn i vegarbeidsområdet, men det er uklart kva som har skjedd, opplyser politiet.

Ulukkeskommisjonen frå Statens vegvesen skal hjelpe politiet med å undersøkje staden der ulukka skjedde. Saka blir etterforska vidare av lensmannen i Sogndal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.