Hopp til innhold

Rike kommunar blir endå rikare

Dei rike kraftkommunane vil kunne bli endå rikare. I forslaget til statsbudsjett føreslår regjeringa at kraftkommunane skal kunne ta seg betre betalt frå kraftverka.

Leirdøla kraftverk

SKATT: Kommunane kan no krevje meir i eigedomsskatt frå kraftverka i kommunen. Det vil føre til auka inntekter for dei 170 kraftkommunane i landet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det er den såkalla makstaksten på eigedomsskatten for kraftverk som blir føreslått auka i statsbudsjettet som vart lagt fram i dag.

Det betyr at dei rike kraftkommunane kan smile breitt, dei kan no nemleg krevje meir i eigedomsskatt frå kraftverka.

– Kraftinntekter er utruleg viktige for oss. Dette er store inntekter som vi får disponere fritt til kommunale tenester, seier rådmann i Terra-kommunen Bremanger, Tom Joensen.

– Hadde håpa på meir

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

BEHOV: Rådmann i Terra-kommunen Bremanger, Tom Joensen, er glad kommunen får meir pengar å rutte med.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For rådmannen i Terra-kommunen er nyheita frå statsbudsjettet svært kjærkomen. Kommunen som tapte 234 millionar kroner nettopp på å sløse vekk kraftpengar i ubrukelege verdipapir kan no vente seg nye friske kraftinntekter.

Likevel er det endå uklart kva statsbudsjettet vil bety i reine inntekter for Bremanger.

Landssamanslutninga for vassdragskommunar (LVK) hadde håpa at makstaksten skulle bli heilt fjerna. Men når makstaksten blir heva med 5 prosent neste år og ytterlegare 11 prosent i 2013, så er det noko.

– Det hjelp på. Men vi hadde håpa at makstaksten blei heilt fjerna, seier Joensen til NRK.no.

Vil få over 400 mill. meir i inntekter

Det regjeringa vil er at kraftkommunane i større grad enn i dag skal kunne skattlegge kraftverk i eigne kommunar, på same måten som andre næringseigedomar.

Dette er ei gamal kampsak for dei 170 kommunane i Norge som har kraftverk innan for sine grenser. Kommunalminister Liv Signe Navarsete seier dette totalt utgjer over 400 millionar kroner i nye inntekter.

– Vi har altså ikkje fjerna maksgrensa heilt, men dette er eit stort steg vidare for dei mange kraftkommunane. Over dei neste to åra vil dei no får tilført 420 millionar meir av den verdiskapinga som blir skapt i deira kommunar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Fryktar dyrare straum

Tanken er altså at kraftkommunane skal få meir igjen for at dei husar kraftverk i sin kommune. Men folk på gata i kommunesenteret Svelgen i Bremanger er skeptiske til dette.

Når kraftverka no må betale meir i eigedomsskatt, fryktar innbyggjarane at det vil føre til auka straumpris.

– Eg lurer veldig på kva vi må betale for straumen no, seier ein av dei NRK prata med.

– Desse pengane skal vi bruke klokt

Noralv Distad

NØGD: Høgre-ordførar i Aurland, Noralv Distad seier det er meir enn nok av utfordringar å bruke pengar på.

Foto: pressefoto, Høgre

Det er nokre av landets rikaste kommunar som får meir i kommunekassa no. Ein av dei er Aurland kommune i Sogn som er ei av landets største kraftkommunar.

Påtroppande Høgre-ordførar Noralv Distad ser fram til endå større inntekter og det i ei kommune som alltid har hatt svært god økonomi.

– Det er sjølvsagt positivt at vi får auke inntektene, slik at vi kan ha handlekraft i dei komande åra. Vi har mange oppgåver å ta fatt på, så dette er pengar vi skal bruke klokt, seier Distad.

– Nok at utfordringar

I Bremanger er Joensen svært spent på korleis den nye skattlegginga vil slå ut. Kommunen er framleis ikkje kvitt alle verdipapira etter Terra-skandalen.

Nyleg kom det i tillegg melding om at den økonomiske nedturen i verda gjer at verdipapira på ny er i ferd med å gå ti millionar i minus i år.

Og med utsikter til nye Terra-tap er det ikkje vanskeleg å finne ting å bruke pengar på.

– Det er alltid kjekt å få ekstrainntekter, vi har nok av utfordringar.