Rusmisbrukar Stian (24) kjenner seg som ein kasteball i systemet

RUSFRI: Stian Sagevik (24) vil gjerne bli rusfri, men søknaden til rehabiliteringa har forsvunne i systemet.
Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRKRusmisbrukar Stian Sagevik vil bli rusfri, men ingen tek ansvar for å hjelpe.
Publisert 06.10.2011 13:52.
- Skriv ut
Han er vand med å bli omtala i lokalavisene etter innbrot, og vand med å ruse seg for å rømme frå kvardagen.
I mars fekk Stian Sagevik beskjed om at han no i haust ville få plass på behandlingsstaden Tyrilikollektivet. Men søknaden forsvann i systemet, og ingen vil ta ansvar for det som har skjedd.
– Eg veit ikkje kva eg skal tru. NAV seier søknaden er sendt, og at eg er på venteliste. Eg trur dei lyg til meg, seier 24-åringen frå Høyanger.
Rus og ADHD
Sterkt råka av ADHD og med rusproblem, sit Stian i leilegheita i Høyanger. TV-en er på, men volumet er skrudd ned. På veggen heng biletet av sonen, som nyleg byrja på skulen.
- LES OGSÅ: Å leve med rus
Sagevik veit kva som må til for å få eit betre liv. Kva som må til for å ikkje lenger vere verstingen i bygda.
– Rusfri. Jobb. Fast samvær med guten. Ha noko fast å gå til, seier han.
– Det er tøft. Det er hardt. Dette er jo ikkje noko eg ynskjer, legg han til.
Ingenting skjer
Vegen til eit rusfritt liv har vist seg kronglete og vanskeleg for Sagevik. Søknaden om opphald på Tyrili, som tilbyr tilbyr behandling og oppfølging av rusmiddelavhengige innan spesialisthelsetenesta, barnevernstenesta og kommunale tenester, vart i mai registrert inn i systemet til Helse Førde.
Sidan har ingenting skjedd. Og på Tyrili er det opp til eitt års ventetid. 24-åringen kjenner seg som ein kasteball i systemet.
– Eg hadde gleda meg, og sett fram til å komme inn der. Dersom alt hadde gått etter planen, så hadde eg kanskje vore der no. Men no er jo ikkje søknaden sendt ein gong, seier han.
– Kan gå veldig gale
For mora hans, Jill Davenport, har det meste i mange år handla om å prøve å hjelpe sonen. Ho ringjer dagleg for å vite at 24-åringen har det greitt. Lukkast ho ikkje, går telefonen til sonen hennar sin omgangskrins.
– Eg må ha kontakt med han kvar dag for å vite at han har det greitt. Mange gonger høyrer eg at han ikkje har det greitt, og då er det fælt å vere så langt vekke, fortel ho.
– Kva trur du blir følgjene om han ikkje får hasteplass på Tyrili eller ein annan stad?
– Uff, nei. Det vil eg ikkje tenkje på. Eg trur det kan gå veldig gale.
Kjent problemstilling
Situasjonen til Sagevik er ikkje ukjend for styreleiar Anne Grete Terjesen i Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse. Ho meiner denne pasientgruppa blir kasteballar i systemet.
– Dette er ei gruppe pasientar og pårørande som veldig ofte blir kasta mellom rus og psykiatri, og mellom første- og andrelinje og NAV, seier ho.
NRK har vore i kontakt med NAV fleire gonger, men dei ynskjer ikkje å kommentere denne saka.
Rus eller psykiatri?
– Men er det vi ser ei ansvarsfråskriving frå NAV og Helsevesenet?
– Det som er sikkert, er at det er ei kjent problemstilling som både helsevesen og styresmakter kjenner til. Det er fordi at ein ofte ikkje heilt veit kva som er hovudproblemet, om det er rus eller psykisk helse, seier Terjesen.
– Så lenge ein ikkje har avklara kven som har ansvar for behandlinga, så blir denne gruppa flytta frå den eine staden til den andre, seier ho.
Fekk medisin
Sagevik har lenge gått utan medisinar. Først nyleg fekk han utskrive Rhitalin frå legen sin i Helse Førde.
24-åringen vedgår han ikkje har vore mellom dei enklaste å ha med å gjere, men håpar framleis på hjelp til eit rusfritt liv.
– Eg er sikkert ikkje den lettaste personen å hjelpe. Eg har ikkje fått gått på medisin i alle år. Hadde eg hatt den heile tida, så hadde sikkert ting sett annleis ut, vedgår han.
Lenker
Å leve med rus
- Ber statsråder sette fri Malene
- Stian kjenner seg som ein kasteball
- Mange barn har foreldre som sliter
- Delte meninger om cannabis
- Løyver 420 millionar til rusarbeid
- Mor takksam for pågriping av sonen
- Rusettervernet letta over rusplan
- KrF krev rusomsorg på plass no
- - Pårørande må få betre tilbod
- - Vi kan nok gjere meir
- Ministeren nøgd med russatsinga
Siste: Sogn og Fjordane
- Slik lada Sogndal opp til kampen
- Innbrot hos Nettbuss i Stryn
- 32 born utsette for familievald
- - Kajakkpadling kan spreie parasitt
- Ingen rusa - men fleire utan belte
- Bussen ved E39 er send til skrap
- Snart kjem Fair play på nynorsk
- Dagmar øydela for 300.000 kroner
- Designelevar fresha opp Eldalstunet
- Tok årets første bad
Siste: Sogn og Fjordane
Millionkontrakter for Airlift - Slik lada Sogndal opp til kampen
- Innbrot hos Nettbuss i Stryn
- 32 born utsette for familievald
- - Kajakkpadling kan spreie parasitt
- Ingen rusa - men fleire utan belte
- Bussen ved E39 er send til skrap
- Snart kjem Fair play på nynorsk
- Dagmar øydela for 300.000 kroner
- Designelevar fresha opp Eldalstunet

















Sol og sommar i fylket