Hopp til innhold

Million-rekning for pasientreiser

Helse Vest og Helse Førde har brukt 1,6 millionar kroner på å betale for pasientar som reiser til Volda i staden for Førde for å få urologibehandling.

Nordfjord sjukehus
Foto: Arne Eithun / NRK

Rekninga kjem etter at tilbodet ved Nordfjord sjukehus vart lagt ned. Og ifølgje tal frå Helse Sunnmøre som NRK har fått tilgang til har dette blitt dyrt for Helse Førde. Frå våren 2005 har nemleg pasientar som tidlegare nytta Nordfjord sjukehus til urologisk behandling reist til Volda.

 

Valde Volda i staden for Førde

I fjor tok Helse Vest rekninga, men frå årsskiftet må Helse Førde sjølv betale, Sidan i fjor vår og til så langt i år har samla kostnad blitt på omlag 1,6 millionar kroner. Den vanlegaste urologiske behandlinga er av lidingar i prostata og urinvegar hos menn.

Etter at urologitilbodet i Nordfjord vart lagt ned, fekk urologen der, Anders Larsson, tilbod om å jobbe ved Førde sentralsjukehus, men Larson og Helse Førde vart ikkje samde, og legen valde i staden arbeid ved sjukehuset i Volda.

Mangel på urologar 

Anne Margrethe Øvsthus
Foto: NRK

Fungerande administrerande direktør Anne Ma Øvsthus i Helse Førde reknar med at ei av årsakene til pasientstraumen til Volda er at mange i Nordfjord framleis nyttar seg av Larson.

Helse Førde har heller ikkje klart å erstatte den urologistillinga som dei hadde på Nordfjord sjukehus, det inneber at det er mangel på urologar i fylket.

Tek ikkje sjølvkritikk

Øvsthus vil ikkje gå med på at dette viser at nedleggina av urologitilbodet på Eid ikkje har vore fornuftig.

Helse Førde må spare 60 millionar kroner innan to år, men Øvsthus meiner at dette ikkje berre handlar om pengar, ho seier at tilbodet ved Nordfjord sjukehus også vart vedteke flytta til Førde ut frå eit fagleg perspektiv.