Hopp til innhold

Meiner buss er mykje betre enn båt

Sjølv om Sognebåten og Sognebussen har like lang reisetid, er bussen likevel det beste alternativet. Det meiner Kjell Werner Johansen i Transportøkonomisk Institutt (TØI)

Ekspressbåten Fjordprins på Sognefjorden

Ekspressbåten Fjordprins på veg ut Sognefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politikarane i fylket skal denne veka avgjere om dei skal halde fram med å løyve pengar til Sognebåten, trass i at den har langt færre reisande enn bussen mellom Sogn og Bergen.

– En slik båt er jo langt større, og har større kapasitet enn ein buss. Den er jo langt dyrare å køyre og langt mindre miljøvenleg, så vurdert utfrå endepunktstrafikken mellom Sogndal og Bergen så er det vel ganske opplagt at det er meir hensiktsmessig å satse på bussen, meiner avdelingsleiaren i TØI.

Han meiner og at bussen er også billegare og mindre vêravhengig, og at det er mykje lettare å få til stogg der folk bur og ferdast.

Nøgd med tal reisande

Sognebussen - Fjord1 Sogn Billag

Sognebussen til Fjord1 Sogn Billag går mellom Sogn og Bergen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sognebåten har kvart år om lag 70.000 reisande. Båtruta frå Sogndal til Bergen får årlege tilskot på 12 millionar kroner.

Ekspressbussrutene frå Sogndal til Bergen derimot, hadde i fjor 80.000 reisande. I tillegg hadde SørVestEkspressen som går frå innom Lærdal mellom Bergen og Lillehammer, om lag 100.000 reisande.

Avdelingsleiar i Fjord1 Sogn Billag, Else Nesøy er nøgd med belegget til bussane;

– Det har vore bra, eg trur det har litt med frekvens å gjera. Vi har fleire avgangar. Vi er kanskje meir tilgjengeleg for publikum, meiner Nesøy.

Meiner båten er for dyr

Idar Mo, som i mange år arbeidde med reisevanar i samferdsleavdelinga til fylkeskommunen, er og framleis ein ivrig forkjempar for buss framfor båt. Han meiner at heilårsdrift av Sognebåten er alt for kostbar.

– Vegane vert utbygd, og ekspressbussdrift er langt billegare. Denne heilårsdrifta i framtida med Sognebåten, den skulle ikkje vere nødvendig no når ein utviklar vegnettet enda meir, meiner Mo.