Hopp til innhold

Ingen vil kutte Sognebåten

Det kan sjå ut til snøggbåten mellom Sogn og Bergen kjem til å overleve endå eit nedleggingsframlegg.

Sognebåten

HELD SEG FLYTANDE: Framleis er det von i hangande snøre for båtruta mellom Sogn og Bergen.

Foto: NRK

Då hovudutval for samferdsle diskuterte økonomiplanen for dei kommande åra tysdag, kom det fram at ingen av samferdslepolitikarane i Sogn og Fjordane er villige til å leggje ned båtruta mellom indre Sogn og Bergen.

Politikarane meiner bygdene i midtre Sogn framleis ikkje har alternativ som er gode nok, dersom båten forsvinn.

Har ikkje finansieringsforslag

Politikarane har ikkje svar på korleis dei skal finansiere båten i åra framover, det har dei tenkt å komme tilbake med seinare.
Økonomiplanen vert endeleg vedteken av fylkestinget i desember.

Får mindre å rutte med

Fylkesrådmann Jan Øhlckers har teke til orde for å avvikle Sognebåten frå 1. mai 2014, då eit nytt inntektssystem vil føre til at overføringane til Sogn og Fjordane fylkeskommune vil gå ned.

Talet på reisande i Sogn og Fjordane går stadig ned, medan utgiftene til kollektivtrafikk har auka kraftig. Samferdsleavdelinga i fylket skal spare 42 millionar kroner.

500 færre tok båten

Frå 2007 til 2010 er talet reisande på Sognebåten redusert frå 7500 til 7000. Drifta av Sognebåten har røter tilbake til 1850-talet. Sidan Fjord1 Fylkesbaatane tapte anbodet om strekninga, blir ruta frå neste år teken over av bergensreiarlaget Tide.