Hopp til innhold

Stokk i propell stoggar Brann-fans

Like før vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann på Fosshaugane måtte Fjord1 ta ut ei ferje på Mannheller-Fodnes. Først klokka 1820 er to ferjer tilbake i drift, då er kampen 20 minutt gamal.

Ferje til kai på Fodnes

FULL STOGG: Her må mange Brann-fans belage seg på å vente søndag ettermiddag.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er venta storinnrykk av fotballfans frå Bergensområdet før vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann søndag kveld klokka 18.

Mange kjem via Lærdal og må ta ferje frå Fodnes, men her må nok mange bu seg på å vente.

– Truleg stokk i propellen

På det som må seiast å vere verst tenkjelege tidspunkt har nemleg Fjord1 måtte ta ei av ferjene ut av drift.

ferjetøbbel for Fjord 1

UTE AV DRIFT: Ferja Stryn ligg no på Kaupanger.

Foto: Geir Bjarte Hjeltland / NRK

– Det er ferja «Stryn» som truleg har fått ein stokk i propellen, seier vakthavande Jan Vidar Kittang hos Fjord1 i 16.30-tida.

Ferja ligg no til kai på Kaupanger og dykkarar er nede for å reinske propellen, og den skal vere tilbake i drift frå klokka 1820.

Etter det NRK kjenner til skal det stå kø nesten heilt opp til Fodnestunnelen. Her skal det mellom anna stå fleire bussar med Brann-fans som fryktar dei ikkje skal nå fram til kampen i tide.

Uaktuelt å utsetje kampen

Ferja er no tatt til Kaupanger der dykkarar vil undersøke den. Kittang vedgår at tidspunktet for ferjetrøbbel var svært ugunstig, og håpar at ferja snart er tilbake.

Vegtrafikksentralen meldte klokka 16.30 om ventetid på minst 45 minutt. Klokka 17.10 har ting forverra seg, meldinga går no ut på at det er ventetid på ein time og 20 minutt.

NRK har snakka med arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad. Han seier det er heilt uaktuelt å utsetje kampstart som er klokka 18.