Hopp til innhold

Jeger døydde etter vådeskot

Jegeren som vart funnen omkomen i Sogndal søndag døydde av eit vådeskot frå si eiga jaktrifle.

Leiteaksjon etter sakna jeger

LEITEAKSJON: Sivilforsvaret var med i leiteaksjonen i sogn i helga.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det ser ut til at mannen har omkome oppe i fjellet som følgje av eit vådeskot som vart avfyrt av hans eige jaktrifle av merke Mauser, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth til NRK.no.

Laurdag ettermiddag vart den 57 år gamle jegeren meldt sakna etter at kameratane i jaktlaget hans ikkje fekk kontakt med han. Dagen etter vart han funnen omkomen, ikkje langt frå der han sist vart sett i området nordvest for flyplassen på Haukåsen.

Politiet har etterforska dødsfallet og mannen har onsdag blitt obdusert. Etter dette har politiet kome fram til at mannen har døydd etter at han blei treft av eit vådeskot frå eige våpen.

Løseth seier mannen vart funnen i eit relativt flatt område, men seier politiet ikkje kan utelukke at har snubla i terrenget.

– Det er alltid mogleg å snuble når ein er ute i terrenget. Men på tidspunktet då dette skotet har gått av var jegeren åleine, så vi veit ingenting meir om kva som har skjedd og det ønskjer vi heller ikkje å spekulere i, seier Løseth.

Han vil heller ikkje seie om kor på kroppen mannen vart treft av skotet, men seier mannen skal ha omkome momentant.

Det var 57 år gamle Johannes Meisterplass som omkom i jaktulukka.