Hopp til innhold

Forsvarsadvokat slo fornærma

Ei kvinne vurderer å melde advokat Halvor Thurn-Basberg til politiet for å ha klapsa til henne under ei rettsak i Sogn tingrett i førre veke.

Kvinna var fornærma i ein valdsepisode som skulle ha funne stad på Meieriet i Sogndal.

I retten prøvde forsvararen til tiltalte, Thurn-Basberg, å rekonstruere hendinga ved å klapse til henne medan ho sat i vitneboksen.

– Han ville at eg skulle gjenoppleve slaget, så han gjekk bort og klapsa meg på kinnet og spurte om «var det så hardt». Så slo han meg to gonger til og lurte på om det var slik. Då braut dommaren og meinte det var nok, fortel kvinna.

– Kjende meg liten

– Når eg sit der som fornærma i ei sak der nokon har slått meg på same måte før, og den personen lyg - eg kjende meg veldig liten. Det var ekkelt, legg kvinna til.

Ho ynskjer å vere anonym, men får historia stadfesta av dommaren i saka. I ein e-post til NRK seier tingrettsdommar Møyfrid Eggebø at forsvarar gjekk noko lenger i sin rekonstruksjon enn det retten trudde, og at han var i fysisk kontakt med vitnet.

– Eg fann då grunn til å stoppe han, seier dommaren og legg til at ho ikkje ga advokaten nokon formell reprimande men sa til Thurn Basberg at dette var ein svært uheldig episode.

– Heilt uskuldig

NRK har snakka med advokaten. Han meiner at saka aldri skulle vore ført for retten og at det han gjorde i høve fornærma var heilt uskuldig.

Aktor i saka, politifullmektig Anette Stegegjerdet Nordberg, reagerer derimot sterkt på forsvarsadvokaten sin framgangsmåte. Ho har aldri opplevd maken til framferd frå ein forsvarsadvokat.

– Når ein møter i ei straffesak, så skal fornærma få fortelje si historie. Då er det viktig at alle aktørar i retten gjer si plikt og oppfører seg slik at det blir ei så god oppleving som mogleg. I dette tilfelle forstår eg det om fornærma følte seg som krenkande, seier ho.

Mannen som stod tiltala i saka, vart til slutt frikjent fordi det var tvil om kven som faktisk hadde slege til kvinna på utestaden Meieriet.