Hopp til innhold

Flora-ordføraren er klar

Bengt Solheim-Olsen frå Høgre blir ny ordførar i Flora.

Bengt Solheim-Olsen

KLAR FOR ORDFØRAR-STOLEN: Bengt Solheim-Olsen frå Høgre blir ny ordførar i kystbyen.

Foto: Truls Kleiven

Det er klart etter at Venstre har inngått eit samarbeid med Høgre. Jan Henrik Nygård frå Venstre blir ny varaordførar.

Høgre vart valvinnaren i årets val, men berre nokre få prosentpoeng større en Arbeidarpartiet og sitjande ordførar Bente Frøyen Steindal.

Venstre blei dermed sitjande med den politiske jokeren i Flora. Det partiet som ville ha makta, måtte nemleg ha støtte frå dei. Først kravde Venstre ordføraren, men det gjekk ikkje dei to andre partia med på.

Meiner Høgre hadde best tilbod

Med Venstre på vippen, var deira standpunkt avgjerande for kven som skulle bli ordførar.

– Vi har hatt møte i kveld og det var Høgre vi bestemte oss for å gå til, seier Jan Henrik Nygård i Venstre.

– Kvifor valde de Høgre framfor Arbeidarpartiet?

– Vi opplevde tilbodet frå Høgre som det beste, difor valde vi det.

Bente Frøyen Steindal frå Arbeidarpartiet er dermed ferdig som ordførar etter åtte år.

Får 50 prosent stilling

Venstre har forhandla seg fram at den nye varaordføraren skal ha ein 50 prosent stilling.

– Det finansierer vi med å redusere dagens ordning med politisk sekretær. Eg får kontor på rådhuset, der eg skal ha fokus på eigne arbeidsområde, seier han.

Avtalen med Høgre inneber også ei fordelinga av dei forskjellige utvala.

– Venstre er godt nøgde med avtalen, og det forstår vi at Høgre også er. Så er det berre å håpe at innbyggjarane blir det også, seier han.

Nøgd kommande ordførar

Påtroppande ordførar Bengt Solheim-Olsen er veldig nøgd med å ha klart å oppnådd partiet hadde sett seg.

– Vi gler oss til å ta fatt på jobben. Vi har vore spente på kva Venstre bestemte seg for, men har hatt ein god og konstruktiv dialog med partiet heile tida. Vi har vore trygge på at dette skulle vi få til.

Venstre fekk 14,6 prosent av stemmene (5 representantar), medan Høgre fekk 35,6 (13) og Arbeidarpartiet 32,7 (12).