Hopp til innhold

Opna landet største fryselager

I dag opna Norway Pelagic Norges største privateigde fryselager for fisk i Måløy.

Fryselageret har plass til 20 000 tonn fisk, og skal fungere som ein oppbevaring og omplassering av fisk på Nordvestlandet.

Verdas største selskap innan sild og makrell har investert om lag 65 millionar kroner i det nye fryselager.

– Det er ikkje kvar dag det er opning av slike store bygg i Måløy. Konsernet har ein stor del av kapasiteten sin mellom Florø og Liavåg. Difor var det naturleg å styrkje logistikkverksemda, seier Gunnar Domstein i Norway Pelagic.

Det nye fryselageret ligg midt i containerhamna og Domstein seier det er ei fantastisk plassering dei har fått.

– Dette området på Trollebø ligg lett tilgjengeleg for oss. Her finn ei av dei beste containerhamnene, og ikkje minst er kaiområdet er veldig bra. Vi føler vi fekk indrefileten av dette industriområdet, seier han.