Aarethun kritiserer Helse Vest
Knut O. AarethunDet er for defensivt av Helse Vest å kutte støtta til ortopediklinikken i Lærdal. Det seier Lærdalsordførar og leiar i helsegruppa til Sogn Regionråd, Knut O. Aarethun, etter at Helse Vest har stroke støtta i 2006.
Publisert 27.01.2006 08:49. Oppdatert 27.01.2006 08:51.
- Skriv ut
- Det er mildt sagt ei defensiv haldning frå Helse Vest når dei har oppretta ein ortopediklinikk ved sjukehuset i Lærdal. Samstundes vert det sagt av vi må få på plass eit lokalsjukehus som fungerar på lengre sikt enn eitt og eitt år om gongen, seier han.
- Ein føresetnad
Ortopediklinikken i Lærdal vart oppretta mellom anna for å kunne ta unna ventelistepasientar frå Hordland og Rogaland og Helse Vest gjekk inn med 3-4 millionar ekstra for å få dette til. No fell desse midlane bort, og Bjørg Sandal i Helse Vest sa onsdag at dette har heile tida vore føresetnaden.
- Dette var ei tidsavgrensa ordning som vi prøvde ut, og som vi tenkte ville ha positive effektar for pasientane, sa ho.
- Permanent støtte
Aarethun på si side meiner Helse Vest burde om nødvendig gjere denne støtta permanent.
- Viss det er naudsynt, så må Helse Vest syte for at det skjer, seier han.
Styret for Helse Førde skal i dag vedta sitt budsjett for 2006, og Aarethun er spent på kva dei då gjer med Lærdals-klinikken.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Helse Førde
- Opninga av rusposten kan bli utsett
- - Har for lite tid til pasientane
- - Nordfjord sjukehus blir brukbart
- Psykiatrisk avdeling kan bli stengd
- Helseføretak vil ikkje ha Nordfjord
- Braut handa - venta i ti dagar
- - Helse Førde kan smuldre opp
- Legg vekk saka mot Bolstad
- Delte meiningar om nytt HF-namn
- Fekk avlyst operasjon - to gonger
- Nordfjordingar vil bli møringar

















Sol og sommar i fylket