Hopp til innhold

16-åringar strøymde til valurnene

Formidable 84 prosent av 16-åringane i Luster valde å bruke røysteretten sin.

Valg stemmeavlukke
Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Torbjørn Vereide

LIKAR TALA: – Kanonbra valdeltaking blant dei unge lustringane, seier AUF-medlem Torbjørn Vereide.

Foto: Rune Fossum / NRK
Torodd Urnes

FOR ALLE: Ordførar Torodd Urnes i Luster meiner at alle 16-åringar bør få stemmerett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Forsøk med røysterett for 16-åringar vart gjennomført i 20 kommunar i årets kommune- og fylkestingsval.

I Luster kommune i indre Sogn tok ungdommen imot moglegheita til å stemme med opne armar, og heile 84 prosent brukte stemmeretten sin måndag.

Like høg var ikkje frammøteprosenten i Porsgrunn og Lørenskog, der i overkant av 50 prosent brukte stemmeretten sin.

AUF-politikar i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide, er overvelda over frammøteprosenten i heimfylket hans.

– Det er heilt ekstremt. Det er mange som seier at dersom vi gir 16-åringar røysterett så vil valdeltakinga synke. Her ser vi det motsette. Dette er kanonbra, seier han.

Imponert over ungdommane

Trass dystre spådommar om at ungdom under 18 ikkje kom til å bruke stemmeretten sin, viser valoppmøtet frå Luster noko heilt anna.

På valdagen strøymde tenåringane til urnene, ordførar og leiar i valstyret i Luster Torodd Urnes, meiner røysterett til 16-åringar bør bli ei permanent ordning.

– Valdeltakinga på 16-åringane er 84 prosent. Eg er imponert over ungdommane og ikkje minst av interessa dei har vist. Er det tilsvarande tal i dei andre forsøkskommunane, trur eg dette vil det bli varig, seier han.

Førebels frammøteprosent i forsøkskommunar med røysterett for 16-åringar

Kommune

Valgdeltaking 16-17 åringar

Valgdeltaking totalt

Luster

84 prosent

71 prosent

Vågå

71 prosent

70 prosent

Namdalseid

68 prosent

64 prosent

Lørenskog

55 prosent

64 prosent

Porsgrunn

51 prosent

61 prosent

Osen

41 prosent

74 prosent

Vereide var skeptisk

Luster rådhus i Gaupne

Luster rådhus i Gaupne.

Foto: Ottar Starheim

Torbjørn Vereide har som ungdomspolitikar sjølv vore mot røysterett for 16-åringar, men seier han har skifta syn i løpet av hausten. Når han ser tala for valdeltakinga i Luster, blir han ikkje mindre overtydd om at alle norske 16-åringar må få lov å delta i val.

– Det er mange som påstår av 16-åringar er uvitande. Men for at dei unge skal engasjere seg i politikk, må dei vite at deira stemme blir høyrt.

51 prosent gjekk til urnene i Porsgrunn

Porsgrunn kommune er ein av dei 20 utvalde kommunane der 16- og 17-åringar kunne stemme under årets kommune- og fylkestingsval. 51 prosent av 16- og 17-åringane i Porsgrunn nytta stemmeretten sin under valet måndag.

Informasjonsrådgjevar i Porsgrunn kommune, Hege Schjøth Øverås, er godt nøgd med oppslutnaden.

– Det er eg, men eg kunne sjølvsagt ønskt at endå fleire hadde nytta stemmeretten sin, seier Schjøth Øverås, og legg til at dette kan hengje saman med at politikarane ikkje har prioritert saker som fengjer dei unge.

Skuffa over låg deltaking i Lørenskog

– Nokon unge er motiverte, engasjerte og interesserer seg for politikk. Andre er det ikkje, seier Schjøth Øverås.

I Lørenskog kommune i Akershus er valansvarleg Tore Kalleberg skuffa over at berre 55 prosent av 16-åringane deltok i kommunevalet. Han hadde trudd fleire unge ville nytte seg av stemmeretten.

– Vi hadde venta at valdeltakinga ville liggje under snittet, men personleg hadde eg venta ei noko høgare deltaking, seier Kalleberg.

Kunne vore verre

– Førstegongsveljarane har alltid hatt lågare valdeltaking enn andre veljarar, seier 21 år gamle Stian Løken.

Han er for første gong vald inn i kommunestyret i Lørenskog, og meiner prøveprosjektet har vore vellukka.


– Det har vore stor interesse for å finne ut kva partia står for blant 16- og 17-åringane, og partia har óg vore opptekne av å få unge menneske inn på listene. Mange av oss har også no komme inn i kommunestyret, seier Løken.

Utfordringar for politikarane

At det kan vere vanskeleg å finne ut kva partia eigentleg står for, er det nok ikkje berre dei yngste veljarane som kan ha problemer med. Løken trur det kan vere ein av årsakene til at mange har lete vore å nytte stemmeretten.


– Nokon finn kanskje ikkje det partiet dei er heilt samde med, og vel då å ikkje stemme, seier han.

– Må gjere vegen lettare

Varaordførar i Lørenskog, Ragnhild Bergheim (Ap), meiner politikarane må gjere det enklare for unge veljarar å stemme.

– Vår utfordring er å gjere vegen frå valtorget og inn i vallokala enklare. Eg trur vegen kan ha vorte for lang for mange, seier Bergheim, som trur prøveprosjektet har vore eit viktig steg i rett retning.

– Eg trur vi har sett i gang ein prosess når det gjeld å tenkje positivt, seier ho.

Dei endelege resultata frå prøvekommunane som har hatt stemmerett for 16- og 17-åringar, vil først vere klare onsdag, ifølgje kommunaldepartementet.