Hopp til innhold

«Det er siste året av kontrakten. Eg tenkjer på det kvar einaste dag»

For Vegar Gjermundstad har ikkje tida i Sogndal blitt heilt slik han hadde sett føre seg. No er han i tenkjeboksen for kva han skal gjere neste år.

Vegar Gjermundstad

SÅ LANGT, IKKJE LENGER: Vegar Gjermundstad varma opp på sidelinja, men kom aldri så langt som til å spele mot Aalesund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg vil spele fotball, og er ikkje nøgd med å sitje på benken. Det einaste eg kan gjere no, er å trene og stå på, seier Gjermundstad.

No tel midtstopparen på knappane

Medan lagkameratane kjempa for poeng mot Aalesund, måtte 21-åringen finne seg til rette på innbytarbenken.

Det har han ikkje noko særleg sans for - og med ein kontrakt som går ut etter sesongen, vedgår Gjermundstad at han tel på knappane.

– Eg føler eg har spelt bra når eg har fått spele. Det er iallfall noko å ta med seg, seier han.

– Uhaldbart om ikkje spelar meir

Gjermundstad kom frå konkursråka Lyn framfor 2010-sesongen, men fekk berre to seriekampar i opprykkssesongen i fjor.

Så langt i år har det blitt 13 kampar i eliteserien. Det er for lite, meiner midtstopparen sjølv.

– Det er uhaldbart om eg ikkje får spele meir. Eg var fast i Lyn, og det var målet også då eg kom hit, seier han.

– Har spelt mykje i år

Sjølv er Gjermundstad oppteken av å trene best mogleg og å vere profesjonell. Han vil ikkje kommentere om han har vore i kontakt med andre klubbar.

Harald Aabrekk meiner ein spelar skal vere misnøgd når han ikkje får spele så mykje som han vil.

– Men Vegar har spelt relativt mykje i år, både som back og midtstoppar, seier trenaren.

Harald Aabrekk

TRENAR: Harald Aabrekk i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK