Hopp til innhold

Ap-Larsen likna mest på bikkja

Åge Larsen (Ap) vart den suverene vinnaren då Florø Hundeklubb kåra den politikaren som likna mest på hunden sin.

Den uhøgtidelege kåringa skjedde på torget i Florø laurdag.

– Det er ikkje verst å bli samanlikna med Joes. Kona seier vi er like hissige og sta begge to. Og det kan vel hende i enkelte tilfelle, skrattar Åge Larsen.

Verdig vinnar

For saman med sonen sin engelske bulldogg, fireåringen Joes, stilte han sporty opp og lot seg samanlikne av dommartrioen Per Øyvind Helle, Rolf Bjarne Sund og Ingvar Hopland.

Ifølgje Vibekke Slettevold Kildal i Florø Hundeklubb, var det ein verdig vinnar.

– Jajaja. Det var anten han eller Ole Christian Rønning frå Senterpartiet, ler ho.

– Roleg, men sta

– Joes har budd ofte hos oss når sonen har vore i Bergen. Han er ein roleg hund som likar seg på sofaen. Han gir seg sjeldan om han blir utfordra, men er ikkje noko lett å gå tur med. Då går han sine eigne vegar. Vanskeleg å dressere, meir eller mindre prøvar Larsen å skildre hunden.

– Kanskje like vanskeleg å dressere som ein politikar?

– Ja, det håpar eg er like vanskeleg, ler Larsen

KrF og SV mangla

Larsen stilte saman med politikarar frå Høgre, Frp, Venstre og Senterpartiet. Berre KrF og SV tok ikkje utfordringa å stille.

Ifølgje Slettevold Kildal var det berre ein av politikarane som eigde hunden sjølv. Jan Henrik Nygård (V) stilte med collien Kaisa.

– Vi var vel berre to som hadde med seg hund som i alle fall tilhøyrde husstanden. Jacob Nødseth fekk låne seg ein terrier, fortel Larsen.

Morosam avslutning

– Nei, det var litt artig dette. Litt morosam avslutning på valkampen. Eg trur vi set punktum no. Men eg trur eg fekk nokre ekstra stemmer ved å stille, humrar Larsen.

Før kåringa arrangerte hundeklubben hinderløype, der både born og vaksne fekk prøve seg med hundar. Larsen er svært glad han ikkje tok Joes med på den.

– Det kan du vere trygg på, ler han.

Ingen kuppa

Slettevold Kildal fortel mykje folk tok turen innom torget for å få med seg arrangementet.

– Vi er kjempenøgde. Vi har hatt ein veldig vellukka dag, seier ho.

– Det var ingen av politikarane som prøvde å kuppe arrangementet i jakta på nokre ekstra stemmer?

– Nei da. Dei viste tydeleg kva parti dei tilhøyrde. Bjarne Holme hadde til dømes ein Frp-genser på hunden sin. Det er fint at politikarane også kan vere litt uhøgtidelege. Latteren sat i alle fall ganske laust, avsluttar ho.