Hopp til innhold

Tiltale og bot etter dødsulukka i kraftverket i Kjøsnesfjorden

Dagleg leiar og styreformann i Tunnelservice AS er sett under tiltale etter dødsulukka i Kjøsnesfjorden kraftverk i 2009.

Kjøsnesfjorden Kraftverk

OMKOM: Det var i krafttunnelen ved Lunde i Kjøsnesfjorden ulukka skjedde i 2009.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein 54 år gamal mann omkom etter at lastebilen han køyrde hamna i fjellveggen kring tre kilometer inne i anleggstunnelen til Kjøsnesfjorden kraftverk på Lunde i byrjinga av juni for to år sidan.

No vert både hovudentreprenøren og underentreprenøren straffa.

Bot til entreprenørenentrepenøren

Bilen mannen førde vart utsett for heilt ekstreme påkjenningar i anleggsdrifta og han var på veg ned den stupbratte anleggstunnelen då han ikkje greidde bremse. Lastebilen den omkomne mannen køyrde skal ha vore dårleg vedlikehalden, noko som er rekna som ei medverkande årsak til dødsulukka.

I tillegg til at det er teke ut tiltalte får også Veidekke Entrepenør AS, som var totalentrepenør for bygginga ei bot på 800 000 kroner, skriv Bergens Tidende.

Brot på arbeidsmiljølova

Politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til avisa at brot på arbeidsmiljølova er grunnlaget for både føretaksstraffa og tiltalen.

Påtalemakta meiner mellom anna at Veidekke ikkje tok ansvar for å samordne Tunnelservice sitt interkontrollsystem med sitt eige. Mellom anna vart det i etterkant av ulukka avdekka svikt i vedlikehaldet av bilane.

Den daglege leiaren og styreformannen i Tunnelservice er samtidig tiltalt for å ikkje ha sytt for ein fungerande HMS-plan, samt svikt i vedlikehald på veg og grøft inne i tunnelen, skriv Bergens Tidende. Tiltalen meiner også det ikkje har blitt gjort nok for å sikre at utstyret var i forsvarleg og forskriftsmessig stand.

Det er ikkje sett noko dato for når saka skal gå for retten.