Hopp til innhold

Venstre stormar fram i Eid

Sler dagens opinionsmåling i Eid til, vil Venstre firedoble seg i kommunestyret etter haustens lokalval.

Alfred Bjørlo

INSPIRERANDE: Alfred Bjørlo, ordførarkandidat i Eid, er storveges nøgd med den siste meiningsmålinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Alfred Bjørlo og Venstre får ein oppslutnad på 41,4 prosent på ei opinionsmåling som Nordfakta har gjennomført for Fjordabladet.

Eit slik resultat på valdagen vil auke Venstre si kommunestyregruppe frå tre til 12 medlemer. I Eid kommunestyre har 29 medlemmer.

– Når det gjeld Eid Venstre så føler eg at vi kan seie at vi har fått ei klar melding frå veljarane. Dei ønskjer eit skifte i den politiske leiinga i kommunen. Denne meldinga er endå tydlegare enn det den var i april. Venstre hadde ei fantastisk måling i april, med ein oppslutnad på 29 prosent. Kva vi skal seie om 41,4 prosent har eg mest ikkje ord for, seier Gunvald Ludvigsen, som er leiar i Eid Venstre, til avisa.

Nøgd Bjørlo

– Dette er heilt ekstremt tal, men samstundes er det også berre ei måling. Det er viktig at folk også stemmer ved valet, seier ein godt nøgd ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo til NRK.no.

Bjørlo, som mellom anna har bakgrunn som politisk rådgjevar for to ministrar, har sterkt fronta sjukehussaka og næringsutvikling for heile regionen.

– Først og fremst er dette ei tillitserklæring utan like til Venstre og det fantastiske laget vi har av kandidatar som stiller til val i Eid. Det er utruleg inspirerande å få ei slik måling rett før valet, seier Bjørlo.

Skulle målinga slå til under valet 12. september, vil Eid bli mellom dei største venstrekommunane i landet. Bjørlo er likevel raskt framme og heller kaldt vatn på målinga.

– Dette er ei måling, og det tel ingenting til sjuande og sist. Det er valresultatet på valdagen som tel, seier han.

Ynskjer ny kurs

– Vi får veldig mykje tilbakemeldingar på at folk ynskjer fornying og ny giv i politikken i Eid. Dei ynskjer vi skal løfte blikket, sjå framvoer og slåss for dei sakene som betyr noko for dei; om det er samferdsle eller sjukehus eller næringsutvikling, held Bjørlo fram.

I andre enden av skalaen, har ordførar Sonja Edvardsen og Eid Arbeidarparti gått frå 26,5 oppslutnad i 2007, til 6,2 prosent ved meiningsmålinga.

Eit slikt resultat ved valet ville gitt Arbeidarpartiet to representantar i kommunestyret - mot åtte i dag.

– Dette er veldig dramatisk i høve siste måling, og ikkje noko god prognose for Ap på Eid, vedgår Edvardsen.

Ap og Sp ned

– Vi har ei veke att og eg håpar vi få fram dei sakene som er viktige for kommunepolitikarane og dei sakene som vi skal avgjere i kommunestyresalen, held ho fram.

Dårlege målingar er det også for Arbeidpartiet sine raudgrøne regjeringskollegaer i Senterpartiet. Lokallaget i Eid går ned vel åtte prosent til 14,3 i høve til valet for fire år sidan. Partiet ville gått frå sju til fire representantar i kommunestyret.

For dei andre partia er det heller små endringar i høve til valet i 2007.

– Det er vel ikkje til å leggje skjul på at, og det seier dei sjølve også, at Ap blir straffa for sjukehussaka, seier Bjørlo og trur sjukehussaka har hatt ein del å seie for den store framgongen.

– Det har nok heilt sikkert ein del å seie, men først og fremst på den måten at sjukehussaka har vore ein vekkar for folk på Eid om at ting ikkje går av seg sjølv. Vi må ha sterke politikarar, tydeleg politisk leiing av kommunen om vi skal vinne fram i dei sakene viktig for oss.