Hopp til innhold

- Det beste som kunne hendt

Marte Rygg Årdal frå Gloppen FIL fekk gull i nordisk meisterskap for juniorar i København.

Marte Rygg Årdal nordisk mester i slegge

GULLJENTE: Marte Rygg Årdal (i midten) stakk av med gull i København.

Foto: Jørund Årdal

I fjerde runde kasta Rygg Årdal 59.21 meter, nesten to meter lenger enn Elina Uustalo frå Finland som kom på andreplass.

– Beste som kunne hendt

– Det var det beste som kunne hendt og veldig kjekt, seier ei glad Marte Rygg Årdal.

Rygg Årdal deltok også i kule men der nådde ho ikkje heilt opp og enda på ein sjetteplass.

– Det var berre sju cm bak min personlege rekord, så det var ikkje så verst. Og så slo eg jo i alle fall ein danske, ler Rygg Årdal.

Bronse i kappgang

Fleire utøvarar frå Sogn og Fjordane var i aksjon under meisterskapen og Kristiane Rygg, også ho frå Gloppen FIL, fekk bronse i kappgang.

Jens Christian Andenæs frå Gloppen FIL hoppa 1,93 m i høgde som heldt til ein sjetteplass.