Hopp til innhold

- Sjukehusstriden kan vere motivet

Pasientombodet fryktar ventelisteskandalen ved Nordfjord sjukehus kan vere kopla til sjukehusstriden i Sogn og Fjordane.

Nordfjord sjukehus

Torsdag kveld gjekk Helse Førde ut og sa at om lag 200 pasientar ved sjukehuset i Eid kan ha blitt sett på feil ventelister. Både hjarte- og kreftpasientar kan vere råka av skandalen.

Pasientombod Ove Mjåtveit fryktar skandalen kan ha samanheng med den bitre sjukehusstriden som har prega fylket den siste tida.

– Eg fryktar det kan vere ein samanheng, men eg håpar inderleg at dette ikkje er motivasjonen for det rotet som no har oppstått, seier Mjåtveit til NRK.no.

– Svært alvorleg

Det var Helse Førde sjølv som avdekte at eit stort tal pasientar kan ha blitt sett på feil venteliste, noko som betyr at dei ikkje har fått kome til for utgreiing og behandling til rett tid. Dette gjeld såkalla rettigheitspasientar som er så sjuke at dei har rett til å kome til behandling innan gitte tidsfristar.

Avdelingssjef Trine Vigsnes ved medisinsk avdeling i Helse Førde, kan ikkje utelukke at dette har fått ut over liv og helse.

– Vi fryktar dessverre at vi skal finne nokon som vi skulle hatt inne både førre veke og veka før, og kanskje til og med før sommarferien. Då vert det sjølvsagt førsteprioritet for heile medisinsk avdeling å få desse pasientane inn til ny vurdering, seier Vingsnes.

Totalt vert om lag 200 pasientar no kalla inn til ny vurdering.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ove Mjåtveit
Foto: Silje Guddal / NRK

– Kan ha «pynta» på tala

Den siste tida har det rasa ein bitter sjukehusstrid i Sogn og Fjordane. Fleire tilbod ved lokalsjukehusa er vedtekne fjerna, noko som har fått det til å koke for både lokalpolitikarar, innbyggjarar og sjukehustilsette. Dette kan vere bakteppe for skandalen, fryktar Mjåtveit.

Han viser til at Nordfjord sjukehus kjem betre ut på ventelistestatistikken for utgreiing for hjarte- og karsjukdommar slik det står på nettsidene til Fritt sjukehusval.

Sjukehuset på Eid har altså kortare ventetid for denne typen utgreiingar enn til dømes Førde sentralsjukehus.

– Eg fryktar at den debatten vi har, med alle dei kjenslene som er sett i sving, kan ha skapt eit motiv som går på å framstå som betre enn eit anna sjukehus på papiret. Altså framstå som meir attraktive for pasientane, seier Mjåtveit til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Bolstad: – Pasientane kjem først

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad meiner det er heilt utenkjeleg at legevurderingane ved Nordfjord sjukehus er prega av sjukehusstriden.

– I mi tankeverd og ut frå kjennskapen eg har til helsepersonell, er det fullstendig usannsynleg at legar ved Nordfjord sjukehus skal ha brukt pasientprioriteringane som ein reiskap i ein sjukehuskamp, seier Bolstad til avisa Firda.

Bolstad meiner legane set pasientane først, uansett kor stort engasjementet måtte vere for sjukehussaka.

Også avdelingsleiar ved medisinsk avdeling i Helse Førde, Trine Vingsnes, stiller seg uforståande til mistanken til pasientombodet.

Vingsnes seier ho opplever at heile staben ned Nordfjord sjukehus ikkje hadde kjennskap til ventelisterotet før Helse Førde gjekk gjennom listene.

- Vi har full tillit til at helsepersonellet på Nordfjord sjukehus set pasientane først. Eg kan ikkje sjå ei slik kopling i denne saka, seier Vingsnes til NRK.no.

– Det handlar om fag, ikkje politikk

Mjåtveit har allereie kravd at det vert rydda opp i rotet med ventelistene snarast.

Dersom det viser seg at sjukehusstriden har vore motivasjonen for det som har skjedd, vil det vere svært alvorleg seier han til NRK.no.

– Dersom dette stemmer så synst eg saka vert endå verre. Då har ein verkeleg vore uprofesjonelle. Dette handlar ikkje om politikk, men om fag.