Hopp til innhold

Ser du kven av dei som er giftig?

Å sjå forskjell på desse to soppane, kan vere skilnaden mellom liv og død.

Kantarell og spiss giftslørsopp

MINIMALE SKILNADER: Det er ikkje mykje som skil den svært gode matsoppen kantarell til venstre, og den uhyre giftige spiss giftslørsoppen til høgre.

Foto: Rune Fossum

Soppkontrollør og leiar i Sunnfjord nyttevekstforening, Harald Eriksen, syner her fram ein av dei vanlegaste matsoppane i norsk fauna, og ein av dei absolutt giftigaste soppane som finst i Norge.

Dødeleg, også i minimale dosar

Du trudde kanskje at raud flugesopp var den mest giftige soppen sopplukkarar i Norge bør passe seg for, men der tek du feil.

Den giftigaste soppen i Norge, er nemleg spiss giftslørsopp. Den toksiske dosen er låg, det betyr at berre ein bitteliten bit, kan få fatale konsekvensar.

Du kan få alvorleg forgiftning med nyresvikt, og skadene kan vere dødelege.

– Dette er kanskje den vanlegaste soppen i skogen, i lag med oransje slørsopp. Han er gulbrun til brun, alt etter kor du finn han, og er ein skivesopp med brune skiver. På kursa mine, pleier eg å be folk halde seg unna brune og brungule skivesoppar, seier Eriksen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Eriksen

GANSKE LIKE: Leiar i Sunnfjord nyttevekstforening, Harald Eriksen, syner fram to soppar som lett kan forvekslast.

Foto: Rune Fossum

Sjå etter skiver og slør

Han peikar på at i tillegg til dei karakteristiske skivene, har slørsoppen et slør nedover stilken.

– Kantarellen har noko som liknar på skiver, men kantarellen er mykje meir kraftig gul på undersida.

Og nettopp kantarell er stort sett den soppen som dei fleste byrjar med, når dei debuterer som sopphaustarar, og det tykkjer Eriksen er smart.

– Det er absolutt lurt, for den er kanskje den lettaste å kjenne att. Knallgul farge og lite skiver, gjer han lett å kjenne att, seier Eriksen.

Kunnskap kan redde liv

– No vil ikkje eg skremme nokon, men skal ein ut og plukke sopp, så er det veldig viktig å vite om og kjenne dei giftige soppane, seier Eriksen, og minner om at det ikkje er mange vekene sidan fire personar vart forgifta av spissgiftslørsopp.

– Og det er ganske trasig å måtte gå i dialyse, i påvente av nye nyrer, seier Eriksen.

Han legg til at kunnskap om sopp er nok som må lærast, ikkje minst sidan ein i Norge ikkje har tradisjon for å plukke sopp, og stort sett ser på sopp som noko ein skal halde seg unna.

Soppkontroll på dugnad

– Eg vil påstå at beste måten å få kunnskap på er å gå på kurs eller gå på tur med folk som kan sopp. Då kan du lære deg dei viktigste matsoppane, samt dei viktigaste soppane å halde seg unna, seier Eriksen.

Soppkontroll er noko som skjer på dugnad, og i Sogn og Fjordane har det vore langt mellom soppkontrollane.

– Det er stort sett lokallag av nyttevekstforeningar som står for dette. Mattilsynet har ikkje løyvt pengar til soppkontroll, og difor er ein prisgitt at private aktørar tek ansvar for folkehelsa, seier Eriksen, som meiner at soppkontrollar burde vore finansiert frå statleg hald.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Giftsopp får enorme følgjer

– Det er faktisk folkehelse vi snakkar om, og det å bli soppforgifta, får enorme konsekvensar for den det gjeld, seier Eriksen, og legg til at han sjølvsagt bidreg dersom folk ber om hjelp.

– Kjem det folk på døra og spør meg, hjelper eg sjølvsagt til, seier Eriksen, og legg til at han har hatt fleire førespurnader denne veka.

Vit kva du plukkar

Eitt generelt råd kan han likevel komme med:

– Ta aldri noko du ikkje veit kva er. Tek du med deg noko du ikkje veit kva er, ha det åtskilt i ein plastpose, og sjekk det nøye når du kjem heim. Kantarell er ganske sikker, piggsoppen er og ganske sikker, sidan den er nesten den einaste som er kvit under.

Han er sjølv svært glad i å plukke kantarell, men og andre soppar finn vegen i korga.

– Eg er veldig glad i piggsopp til hjorten, og finn eg god steinsopp, er det veldig bra. Hender og eg finn svart trompetsopp, det er sjeldan, men ein kulinarisk nyting. Det aller største er å finne åkersjampignong, seier Eriksen.

Sistnemnde finst over heile landet, men er vanskeleg å komme over.

  • LES OGSÅ:

Lang soppsesong

Han legg til at det som er av god sopp, den er veldig god.

– Det er mykje flott sopp i skogen no. Kantarellen har vi hatt i nesten ein månad no. No kjem traktkantarellen. Steinsopp er det litt av, sjølv om den ikkje alltid er av like god kvalitet. Og så får vi piggsopp når det lir litt på, seier Eriksen.

September blir av og til av soppelskarar kalla "sopptember", og det er ikkje utan grunn.

  • LES OGSÅ:

September er alltid den store soppmånaden. I gode år kan august òg vere veldig bra, men september har toppar for dei fleste artane som vi brukar til mat, seier Eriksen.