Hopp til innhold

– Tung dag for Kårstad Transport

Dagleg leiar Frode Kårstad i Kårstad Transport seier dei ikkje klarte å halde forpliktingane sine. Difor gjekk dei til retten med buet.

Kårstad Transport AS

HØG GJELD: Kårstad Transport har ei samla gjeld på nær 70 millionar kroner.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi har prøvd å snu alle steinar vi kan, men vi fann ut av vi ikkje greidde det lenger. Vi kan ikkje drive på andre si rekning, difor leverte vi inn til buet, seier han til NRK.no.

Veit ikkje kva som skjer framover

Etter 34 års drift er ei av Vestlandets største transportverksemder konkurs. Verksemda i Gaular måtte gje tapt mot tøffe tider i transportnæringa. Konkursen vart opna i Fjordane tingrett i føremiddag.

Kårstad seier han veit lite om kva som skjer framover med bedrifta fordi det er buet som har styringa på dei no,

– Vi kan ikkje gjere så mykje meir no, dessverre. Dette er ein veldig tung dag for oss, seier han.

Hadde stor vekst

Oppsamla gjeld skal vere på 68,5 millionar kroner, medan aktiva i selskapet er verdsett til maksimalt 57 millionar kroner.

Selskapet har dei siste åra kjøpt opp ei rekkje transportverksemder og har hatt ein stor vekst. Men etter solide overskot i 2007 og 2008, møtte Kårstad Transport veggen i 2009.

Det er i dag 55 tilsette ved transportselskapet. Kårstad veit ikkje om konkursen er eit endeleg punktum for verksemda.

– Det er vanskeleg for oss å seie, for det er ikkje vi som har styringa no.

Håper dei kan reise seg igjen

Jenny Følling

HÅPER PÅ DRIFT: Ordførar Jenny Følling seier bedrifta er viktig for Gaular kommune.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gaular-ordførar Jenny Følling seier Kårstad Transport er ei viktig bedrift med mange arbeidsplassar.

– Vi har vore klar over at det har vore tunge tider, men vi håper at dei kan reise seg igjen. Eg håper det finst ordningar slik at bedrifta med den kompetansen dei har, kan bli driven vidare. Det er utruleg viktig at det blir ei løysing, seier ho.

Advokat Andreas Rønnekleiv er oppnemnd bustyrar. Det skal haldast skiftesamling 1. november.