Hopp til innhold

Regnet har fjerna eventuelle spor

Statens Naturoppsyn utelukkar ikkje at det kan ha vore ein bjørn som vart observert på Svarthumle i Flora fredag. Men regnet har fjerna eventuelle spor.

Bjørn

STREIFDYR: Dei siste bjørnane som har vore observert her i fylket har vore mannlege streifdyr. Bjørnen på biletet har ikkje vore i Flora...

Foto: Øyvind Josefsen

Sigrid Kjær Berentsen var heilt sikker i si sak då ho fredag observerte noko ho meiner å ha vore ein bjørn, like i vegkanten.

– Det var ein bjørn. Eg er heilt hundre prosent sikker. Han stod oppreist og klødde seg i nakken, sa ho til NRK.

Ikkje gjort funn

No har Statens Naturoppsyn (SNO) vore i området og leita, men dei har ikkje gjort funn som tyder på at er eit stort rovdyr i området.

– Det ein må ha i tankane er at observasjonen vart gjort på fredag og det har regna mykje i området, så leitinga slik sett var nok ikkje det lettaste, seier rovviltkontakt Finn Olav Myhren i SNO.

Tvilar ikkje på vitner

Han finn likevel ingen grunn til å tvile på den observasjonen som vart gjort i området.

– Eg har ikkje nokon grunn til å tvile på det folk har sett, men vi har ikkje funne ting som kan dokumentere at det har vore ein bjørn der, seier Myhren.

Stod i vegkanten

Sigrid Kjær Berentsen og dei to andre i reisefølgjet hennar er uansett trygge på kva dei såg.

– Vi kom køyrande gjennom Naustdalstunnelen og like etter at vi kom ut såg vi han på høgre sida, fortalde Kjær Berentsen til NRK.no.