Hopp til innhold

Slik frakta dei flatpakken heim

Hadde politiet møtt på denne doningen langs vegen kunne sjåføren fort ha blitt utan førarkort. Verken ordensmakta eller Trygg Trafikk let seg imponere.

Slik sikra dei flatpakken på veg heim

ULOVLEG: Med berre hendene valde ungdomane å sikre flatpakken på veg heim.

Foto: NRK-tipsar

– Dette er i aller høgaste grad ulovleg og uforsvarleg!

Slik reagerte politiet då dei fekk sjå biletet av den heller uvanlege lastesikringa til ein gjeng ungdomar i Førde.

– Bryt lova på fleire punkt

Dei fem ungdomane vart observert då dei var på veg ut frå Plantasjen i Førde søndag ettermiddag. Flatpakken dei hadde kjøpt var ikkje råd å få med seg inn i bilen. Men ungdomane visste råd.

Dei plasserte like så godt pakken oppå taket, med fire hender ut vindauga som sikring. For sjåføren kan det tenkast at det vart vanskeleg å både styre og gire med berre ei hand ledig.

– Dette er heilt ulovleg. Dei bryt både vegtrafikklova og fleire andre forskrifter ved å køyre rundt slik som dette, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Lappen kan ryke

Han viser mellom anna til krav om sikring av last som seier at lasta skal vere surra fast med eigna reiskap, som til dømes kjetting, reim eller tau. Ungdomane har ikkje brukt noko av delane og sit enkelt og greitt og held pakken fast.

– Det kan fort oppstå svært farlege situasjonar når ein køyrer rundt slik. Til dømes ved ein oppbremsing vil dette kunne bli farleg, seier Avsnes.

Dersom politiet hadde teke ungdomane på fersken ville det fort fått konsekvensar.

– Det kunne ført til politimelding og førarkortet til sjåføren kunne blitt kverrsett på staden, som på det sterkaste oppmodar folk til å sikre lasta skikkeleg.

–Skremmande

– Eg er skremt over at dei kan finne på noko så uforsvarleg, seier fylkesleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad då han ser biletet.

Han forstår ikkje at ungdomane torer å ta sjansen på å frakte flatpakken heim på denne måten og kallar føraren ein farleg trafikant.

– I ein eventuell kollisjon ville pakken kunne rase inn i ein møtande bil og skade dei som sit i den, og det kunne blitt alvorleg. Den kan og skli sidelengs og skade fotgjengarar eller syklistar, seier Heggestad som meiner alt for mange slurvar med lastesikring.

Slik sikra dei flatpakken på veg heim

FARLEG: Politiet seier det fort kan oppstår farlege situasjonar ved å ikkje sikre lasta godt nok. – Dette er ulovleg og uforsvarleg.

Foto: NRK-tipsar