Hopp til innhold

Tre menn rana og skote på

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet veit ikkje kven som står bak etter at tre unge menn vart rana i Førde natt til søndag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei tre unge mennene skal ha vore i sentrum av byen då dei vart skote på med eit paintballgevær. Ein ukjend gjerningsmann skal deretter ha teke frå dei tre mobiltelefonane og eit ukjend pengebeløp.

Meldinga om ranet kom inn til politiet klokka 04.19 seint natt til søndag. Mennene som vart rana har forklart at gjerningsmannen var delvis tildekka då han slo til.

- Det er teke beslag i eit paintballgevær i eit husvære ikkje langt i frå der episoden fann stad, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no søndag.

- Trur politiet at det er i dette husværet gjerningsmannen bur?

- Eg kan ikkje kommentere saka noko vidare. Det eg kan seie er at gjerningsmannen ikkje er kjend og at politiet etterforskar saka.