Hopp til innhold

Tek sjølvkritikk etter trafikk-kaos

Måndag herska det komplette kaos for vegfarande på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. I dag beklagar Statens vegvesen hendinga.

Margot Åsebø

SJØLVKRITIKK: Statens Vegvesen tek sjølvkritikk etter kaoset som måndag rådde på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. - No vil vi evaluere situasjonen og i neste tilfelle gå inn og gjere tiltak, seier Margot Åsebø (t.v.). (Arkivfoto)

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Det vart trafikk-kork og mykje irritasjon og venting for dei mange vegfarande som i staden for ferjesambandet Anda - Lote, reiste om Stryn og Utvikfjellet.

Enkelte måtte stå timevis i kø før dei kom seg vidare mot reisemålet. Det løyste seg først då politiet kom på staden og dirigerte trafikken.

– Fyrst må eg beklage at folk vart ståande i kø på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Sandane - Lote - Anda var ute i fem timar, og relativt høg sommartrafikk gjer at det vart litt kø på den strekka i går, seier seksjonssjef Margot Åsebø i Statens vegvesen.

– All trafikk stod

Fjord1 seier til NRK i dag at dei ifølgje sine kontraktar ikkje set inn ny ferje på sambandet før det har gått ei viss tid. I går varsla dei Vegvesenet raskt om at ferja var ute av drift , men vegvesenet sette ikkje inn trafikkdirigering.

Kaos på Olden - Innvik.

KAOTISK: Bilistar måtte måndag stå timesvis i kø mellom Olden og Innvik.

Foto: NRK.no-tipsar

Derimot vart vegfarande tilrådd å køyre om fylkesveg 60. Mellom klokka 12 og 17 gjekk dermed stort sett all trafikk som skulle over fjorden, om Stryn.

– Eg kommenterte det då vi køyrde over Utvikfjellet at det ikkje kom bilar i motsett veg. Då vi kom forbi Innvik forstod vi problemet. Då stod all trafikk, fortalde Kari Viddal, som var på veg frå Bergen til Ålesund, til NRK.no.

– Burde gjort meir

– Dette skulle ikkje vore lovleg. Her er eigentleg ikkje plass til to møtande bilar på enkelte strekkjer. Og så sette så mykje trafikk her, la Viddal til.

Vegstrekka er kronglete med fleire smale parti og små tunnelar. Med den trafikkmengda som køyrde om Olden og Innvik i går, innser Vegvesenet at dei burde handla. Dei vil no sjå på eigne rutinar.

– Vanlegvis er det ikkje vi som går ut og driv trafikkdirigering for å løyse opp når det er stor trafikk. I ettertid ser vi at det i dette tilfelle, kanskje burde gjort meir for å hjelpe politiet med å avvikle trafikken og kanskje sett i gang styrt trafikkavvikling, seier Åsebø.

– Ekstrem situasjon

Seksjonsleiaren er ikkje kjend med kvifor dette ikkje skjedde då kaoset rådde måndag ettermiddag. Ho seier dei no skal evaluere situasjonen som oppstod.

– Det var relativt høg trafikk, og det var ettermiddag. Då blir det ein litt ekstrem situasjon for oss. Neste gong vi ser at det kan bli kø og kaos, så skal vi tidlegare ta kontakt med politiet så vi får løyst opp trafikken på eit tidlegare tidspunkt, seier Åsebø.

Treng back-up

Innbyggjarane langs fylkesveg 60, som i 2008 vart kåra til «Norges verste veg», meiner vegvesenet må ha ein back-up plan dersom ferjesambandet på E39 ikkje går som normalt.

– Når vegen vert totalt stengd er vi innesperra. Det same gjeld for mange av dei som står i køen. Skulle fastbuande eller dei som står i stampe i trafikken få behov for ambulanse eller til dømes brannbil vil det kunne ta lang tid før desse når fram. I verste fall vil ein slik situasjon kunne ha dødeleg utgang, fryktar Jogeir Agjeld.

Brannsjef delar frykt

Brannsjef i Stryn, Jarle Dragsæt, meiner vegvesenet bør vurdere lysregulering mellom Olden og Innvik til utbetringa på strekka er ferdig.

– Dersom det skjer ei ulukke, så kjem vi oss ikkje fram, seier han.