Hopp til innhold

Politiet måtte løyse trafikkork

Det var måndag kaotiske tilstandar på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Kaos på Olden - Innvik.

FAST: Trafikken stod i ro på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik måndag.

Foto: NRK.no-tipsar

På grunn av tekniske problem på ferjesambandet Anda - Lote , vart vegfarande oppmoda om å køyre om vegstrekka som for vel to år sidan vart kåra til Noregs verste vegstrekning. Ferjesambandet var i drift att klokka 17.

Trafikken på fylkesveg 60 vart så stor, at den smale og kronglete fylkesvegen ikkje klarte å ta unna.

Eit anna alternativ var også ferjesambandet Stårheim - Isane og vegen gjennom Svelgen.

– Det er mykje bilar. Tungtrafikk, småbilar og bubilar. Det er klart at det blir kaos når alt skal gjennom her, seier ein av bilistane som NRK har snakka med.

– All trafikk stod

Kari Viddal er på veg frå Bergen til Ålesund. Etter lang tid i kø, klarte ho å komme seg gjennom det verste partiet, berre for å møte ny kø mot Olden.

– Eg kommenterte det då vi køyrde over Utvikfjellet at det ikkje kom bilar i motsett veg. Då vi kom forbi Innvik forstod vi problemet. Då stod all trafikk, seier ho og konstaterer at turen til Sunnmøre vart noko lengre enn venta.

– Skulle ikkje vore lov

– Dette skulle ikkje vore lovleg. Her er eigentleg ikkje plass til to møtande bilar på enkelte strekkjer. Og så sette så mykje trafikk her, seier Viddal og fortel at ein politipatrulje no er komen på staden for å dirigere trafikken.

Medan ventetida auka, og tålmodet minka, har dei også prøvd å kontakte Statens Vegvesen.

– Vi har stått lenge, men her er nok andre som har stått lengre. Frå Innvik-sida er det bilar som har stått i timesvis, legg ho til.

– Heilt korka opp

Politibetjent Geir Olsen fortel om frustrerte bilistar då politipatruljen kom til staden i 16.30-tida.

– Det var heilt korka opp. Spesielt ved Vangberg, der det er ein veldig smal tunnel. Når det kjem mykje bubilar og bussar, så korkar det seg veldig fort. Med mykje trafikk frå begge vegar som dyttar på bakfrå, så må vi dirigere for å få løyst opp trafikken, seier han.

Løyser seg opp

Med lovas lange arm på plass, byrja trafikken raskt å gli noko betre.

- Det er byrja å løyse seg opp. Vi prøvar å få avvikla så raskt vi kan når det korkar seg til og vi må finne ein måte å regulere trafikken på. Med den trafikkmengda som er på denne vegen no, så blir det for hard og tung trafikk til at trafikken går normalt, seier han.

Først klokka 19 kunne politipatruljen reise frå staden.