Hopp til innhold

Minnemarkeringar over heile fylket

Dei omkomne etter terrorangrepa på Utøya og i Oslo vil måndag bli heidra over heile Sogn og Fjordane.

Lys i domkirken i Kristiansand
Foto: Ane Lindahl / NRK

NRK Sogn og Fjordane har måndag ringt rundt til alle dei 26 kommunane i fylket. Alle har markert eitt minutts stille og har lagt ut kondolanseprotokoll.

I tråd med dei nasjonale føringane som er gitt etter terrorangrepa, er alle kommunale kriseteam sett i beredskap for dei som måtte føle behov for nokon å snakke med.

Desse markeringa er planlagde i kommunane:

STRYN:

Den hardast råka kommunen i fylket etter terrorangrepa. Fylkesleiaren i AUF, Hanne Kristen Fridtun (20) frå Stryn, er framleis sakna etter skytinga på Utøya. Fridtun studerte til sjukepleiar i Førde.

Kommunen heldt minnemarking for dei kommunalt tilsette på kommunehuset med eitt minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolansprotokoll på servicekontoret. Elles kriseteamet sett i beredskap.

Det er ope hus i bedhuset Betania frå klokka 11. 30 i dag. Det blir også ope etter fakkeltoget i kveld.

Fakkeltog mot vold og terror i Stryn sentrum måndag kveld kl 18.00.

– Vi er alle i sorg etter dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya. For å makere avstand mot vold og terror, inviterer Stryn kommune, kyrkja, Røde Kors og dei politiske partia til eit fakkeltog i Stryn sentrum i kveld, måndag 25.07.11 kl 18.00, fortel ordførar Nils P. Støyva (Ap).

Markeringa startar på Per Bolstad Plass kl 18.00.
Etter ein runde i Stryn sentrum vert det appellar og musikkinnslag.

Esso i Stryn sel faklar. Frå kl 17.00 vil salet forgå på Per Bolstad Plass.

– Eg oppmodar alle om å møte opp og gå i fakkeltog i kveld for å minnast dei omkomne. Elles vil eg understreke at dette er eit partipolitisk-, organisasjons- og personuavhengig arrangement, og som ein del av ei nasjonal markering, seier Støyva.

SOLUND:

Markerte eitt minutt stille på alle kommunale arbeidsplassar klokka 12. Det blir lagt ut kondolanseprotokoll klokka 12 i resepsjonen på kommunehuset.

– Elles er det kommunale kriseteamet sett i beredskap, for dei som har behov for hjelp, seier Gunnalug Olsvoll Røed, fungerande administrasjonssjef.

GULEN:

Open samling i Gula-salen i kommunehuset for alle i kommunen, som tok til med eitt minutt stille. Etter samlinga blei det lagt ut kondolanseprotokoll i første etasje i kommunehuset.

Har hatt opa kyrkje sidan i helga, og er framleis open.

– Det kommunale kriseteamet er sett i beredskap, opplysningar om det er lagt ut på den kommunale heimesida, seier rådmann Martin Kulild.

ASKVOLL:

Markering i rådhuset frå klokka 11. 3, med lystenning og eit minutt stille klokka 12. Kondolansprotokoll vart lagt ut frå klokka 12. Kriseteam er sett i beredskap.

HYLLESTAD:

Dei kommunalt tilsette markerte klokka 12 med terrorangrepa med eit minutt stille, etterpå blei det lagt ut kondolanseprotokoll på kommunehuset. Elles kriseteamet sett i beredskap.

FJALER:

Markering i Fjalerhuset som tok til klokka 11.45, ope for alle. 1 minutt stille klokka 12. Etterpå vart det lagt ut ut kondolanseprotokoll på Fjalerhuset. Ut over dette blir det ikkje fleire markeringar i Fjaler, og ordførar Arve Helle oppmodar i staden folk om delta på den store markeringa i Førde klokka 17.30.

Elles kriseteamet sett i beredskap.

FLORA:

Kommunen hadde to deltakarar på AUF-leiren på Utøya. Begge berga livet. Kommunen markerer terrorangrepa med 1 minutt stille klokka 12, og har lagt ut kondolanseprotokoll på tenestetorget på Flora samfunnshus.

Kriseteamet sett i beredskap, og har jobba med dei berørte frå kommunen i helga.

Minnemarkering Florø

FLORØ SØNDAG: Lys og helsingar på torget.

Foto: Simon Solheim / NRK

Søndag kveld vart det halde ei stor makering med blomster og lys på torget i Florø, initiert av ungdomspolitikarar i byen. Ap og AUF hadde ope hus på Flora rådhus i går kveld frå klokka 17 til 20 .

LES OGSÅ: Fleire hundre deltok på minnemarkering i Florø søndag

FØRDE:

AUF la ned blomar og tende lys på Langebrutorget måndag morgon.

Kondolanseprotokoll vart lagt ut på Førdehuset klokka 11. Kommunen markerte eitt minutts stille klokka 12.

Måndag kveld blir det fakkeltog frå Førdehuset til Langebrutorget klokka 18, med oppmøte klokka 17.30. Mange butikkar har valt å stengje 17.30, slik at tilsette kan delta i markeringa. Alle som ønsker det kan tenne lys og leggje ned blomar. Det blir appell ved Joakim Fossheim, Sunnfjord AUF.

NAUSTDAL:

Kommunen har markert eitt minutt stille, og har lagt ut kondolanseprotokoll i vestibylen på kommunehuset.

Naustdal har medlemmar i AUF Sunnfjord, og kommunen ønskjer at alle som har moglegheit deltek på minnemarkeringa som tek til framfor Førdehuset i Førde klokka 17.30 måndag ettermiddag.

– Her kan alle få dele si sorg og medkjensle med ofra, deira pårørande og alle berørte, skriv kommunen på si nettside der også kontaktinfo for kommunen sitt kriseteam er lagt ut.

GAULAR:

Hadde markering for kommunalt tilsette med 1 minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på tinghusetet.

Har ikkje eiga markering, men oppmodar folk om å delta på minnemarkeringa klokka 17.30 i Førde

BREMANGER:

1 minutt stille på alle kommunale arbeidplassar klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset i Svelgen. Elles kriseteamet sett i beredskap.

VÅGSØY:

Minnemarkering i kommunstyresalen klokka 12 for kommunalt tilsette, med 1 minutt stille. Blir lagt ut kondolanseprokoll i servicetorget.

Ordføraren kalla inn politikarane i kommunen til eit minnesamling klokka 15. Elles kriseteamet sett i beredskap, og telfonnummer er lagt ut på heimsida til kommunen.

HORNINDAL:

Minnemarking for dei kommunalt tilsette på kommunehuset Smia med 1 minutt stille klokka 12. Der blir det også lagt ut kondolanseprotokoll.

Fakkeltog klokka 18 i Grodås sentrum. Elles kriseteamet sett i beredskap.

EID:

Markerte med 1 minutt stille for kommunalt tilsette klokka 12. Kondolansprotokoll er lagt ut på rådhuset.

Fakkeltog måndag kveld klokka 18. frå Eid kyrkje - til Malakoff ved «Den sørgende mor». Markering med ungdomssråd, frivillige organsisasjonar. Politi og kyrkja er med. Her blir det og høve til blomsternedlegging og tenning av lys.

Kyrkja held ope.

GLOPPEN:

Heldt opa minnemarkering klokka 12 heradshuset, med 1 minutt stille.

Dei som ynskjer det kan leggje ned blomster og tenne lys ved 1000-årsminnesmerket på plassen framfor heradshuset.

Fakkeltog frå heradsplassen klokka 18. Samling i arbeidskyrkja etterpå. Sandane kyrkje open frå klokka 1930 i kveld. Elles kriseteamet sett i beredskap.

JØLSTER:

Markering på kommunehuset, med 1 minutt stille. Lagt ut kondolanseprotokoll på biblioteket i kommunehuset.

Elles kriseteamet sett i beredskap: Kontaktar der er Tlf: 908 72 612 (Dagrun Thingnes) og tlf: 958 80 030 (Vidar Bjotveit). Jølster Røde Kors har oppretta kontakttelefon for dei som ynskjer nokon å snakke med på nummer 975 93 228.

HØYANGER:

Hadde markering klokka 12 på rådhuset med 1 minutt stille. Kondolanseprotokoll er lagt ut på rådhuset. Kriseteam sett i beredskap.

BALESTRAND:

Hadde ei markering med 1 minutt stille klokka 12, og har lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset.

Markering i parken i Balestrand klokka 18 i dag med lystenning og nedlegging av blomar.

VIK:

Markering med 1 minutt stille klokka 12 for kommunalt tilsette. Det er lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset.

Elles kriseteamet sett i beredskap informasjon om dette ligg på heimesida til kommunen.

AURLAND:

Markering for alle i kommunen i dag med 1 minutt stille klokka 12. Det er lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset.

Minnegudsteneste klokka 19 måndag kveld. Dørene opnar klokka 18 og det blir høve til å tenne lys og skrive seg inn i kondolanseprotokollen.

LÆRDAL:

Markering for kommunalt tilsette med 1 minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset. Elles er kriseteamet sett i beredskap.

Hadde opa kyrkje i helga og heldt minnegudsteneste klokka 20 søndag kveld i Hauge kyrkje.

ÅRDAL:

Markering for kommunalt tilsette med 1 minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset og bliblioteket.

Det blir markering klokka 18 måndag kveld i Øvre Årdal med tog frå Rallaren til Farnes kyrkje. I staden for faklar blir det roser, og så blir det tenning av lys ved kyrkja som og blir open i kveld. I samband med markeringa i kyrkja i kveld, blir det og høve til å skrive seg inn i kondolanseprotollen. Arrangør av toget er Årdal Arbeidarparti.

På Årdalstangen har ungdom tatt initiativ til ei samling unnder tittelen Årdal minnast dei døde etter terrorangrepet 22.07.11. Her oppmodar ein alle som har høve til å stille framfor rådhuset klokka 23 måndag kveld.

SOGNDAL:

Sogndal kommune oppmoda folk om å ta del i eitt minutts nasjonal stillhe klokka 12.00. Etter dette blei det lagt ut kondolanseprotokoll på Tenestetorget på kommunehuset. Alle er hjarteleg velkomne til å skrive helsinga si der.

Det er og høve til å legge ned blomar og tenne lys i sentrumsparken.

Selje:

Hadde opa markering med 1 minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset. Elles er kriseteamet sett i beredskap.

Arrangerer ikkje fakkeltog sjølv, men oppmodar folk om å delta på fakkeltoget i kveld klokka 18 i Stryn.

Har ope kyrkje alle kvardagar.

Luster:

Hadde markering for kommunalt tilsette med 1 minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset. Elles er kriseteamet sett i beredskap.

Har ope kyrkje frå klokka 16 i dag i Gaupne. Klokka 17.30 blir det blomstertog frå kyrkja og ned til rådhuset, der det blir høve til å skrive seg inn i kondolanseprotokollen.

Leikanger:

Hadde markering for kommunalt tilsette med 1 minutt stille klokka 12. Har lagt ut kondolanseprotokoll på tinghuset.

Tinghuset blir ope til klokka 18 kvar dag så lenge kondolansprotokollen blir liggande ute. Elles er kriseteamet sett i beredskap.

Det blir ei solidaritetsmarkeringa klokka 18, frå Borggarden og til kyrkja. Det blir ei enkel markering i kyrkja. Der det og blir høvet til å skrive seg inn i kondolansprotokollen.

Har du informasjon som du ønskjer å få med på lista? Ta kontakt med NRK Sogn og Fjordane på telefon 57 72 42 42.