Hopp til innhold

Såg drapsmannen rett i augene

Thor Mehammer er fylkessekretær i Sogn og Fjordane AUF og såg drapsmannen Anders Behring Breivik rett i augene. – Han var behageleg i røysta og lurte folk fram, seier Mehammer.

Mehammer

FRYKTELEGE SYN: Thor Mehammer er fylkessekretær i Sogn og Fjordane AUF.

Foto: Arkiv / NRK

Han leitte desperat etter delegasjonen frå Sogn og Fjordane då marerittet på Utøya pågjekk.

– Eg var åleine igjen med kokken på hovudbygget og valde å gå mot skotlydane. Alle andre hadde sprunge i dekning. Eg fant ei som var død. Eg tok radioen hennar og sneik med rundt campen og gjennom skogen og gjørma. Det låg døde folk rundt meg, seier Mehammer til NRK.no.

Minst 68 menneske vart drepne då våpendesperadoen slo til mot AUF-leiren på Utøya fredag ettermiddag. Fleire vart skadde og mange la desperat på svøm for å komme seg unna øya.

«Mange var døde»

Mehammer fortel at han møtte mange livredde personar langs ein sti, og han ba dei om å ta av seg alle lyse og raude klede. Han sa også at dei måtte gøyme seg i skogen og halde seg unna stien og alle opne område.

– Eg møtte på mange av dei seinare på hotellet, og dei fortalte meg at eg visst nok hadde redda dei. Eg løpte for å finne delegasjonen min og Hanne (Hanne Kristine Fridtun, journ.merk.). Eg følgte strandkanten heile vegen, men aldri slik at eg var synleg. Eg var alltid i gjørma og skogen, seier Mehammer.

– Følelsen av å ikkje vite kor vennane mine var... Ja, det var heilt jævlig, seier han.

Skaut rundt seg

Mehammer fortel at han ikkje visste at gjerningsmannen hadde på seg politiuniform.

– Eg var på veg til å gå til han sidan han hadde politiuniform og virka seriøs. Men så lada han plutseleg våpenet og skaut rundt seg, seier Mehammer.

Han opplevde situasjonen som svært dramatisk og han såg partikollegaer blir skotne og drepne av den falske politimannen.

– Eg gjekk rundt og sjekka pulsen på fleire som låg livlause på bakken. Mange var døde, seier Mehammer.

21-åringen frå Florø fann ei som var skoten, men som var i live.

– Eg sjekka pulsen på ho og ho var i live. Eg drog ho med meg opp bak eit telt. Det var eit helvete.

Flaut på treverk

Mehammer la på svøm frå Utøya for å komme seg unna våpenmannen. Han fortel at han og ein annan flaut på noko treverk som låg flytande i sjøen.

Anders Behring Breivik

DRAPSMANNEN: Anders Behring Breivik har innrømma å stå bak dei fryktelege ugjeringane.

Foto: REUTERS TV / Reuters

– Vi dreiv tilbake mot øya med straumen. Mannen skaut ut mot sjøen. Det var heilt forferdeleg. Vi symde og såg gjerningsmannen henrette folk på kloss hald. Eg hadde kasta frå meg mobilen og tatt av med skoene. Eg symde alt eg kunne og såg skyene bare danse rundt. Eg var heilt i svime av kulda, seier Mehammer til NRK.no.

Vart plukka opp av båt

Mehammer fortel at dei vart plukka opp av ein båt i sjøen og at dei vart frakta til fastlandet.

– Det første eg gjorde var å fortelje ein av politibetentane om at gjerningsmannen hadde på seg politiuniform og at han måtte gøyme våpenet sitt sånn at at ikkje skremte dei som prøvde å komme seg over.

– Han var behageleg i stemma og lurte folk fram

Såg heilt ekte ut

– Uniformen som mannen hadde på seg såg heilt ekte ut. Han var rutinert og veldig rolig. Han var veldig behageleg i stemma og lurte folk fram. Dei trudde han var politimann. Men dei som kom fram vart skotne rett ned, seier Mehammer.

– Mange fleire ville nok vore i live no dersom det ikkje var for at han ropte at det var trygt å komme fram. Det var berre så vidt eg sjølv ikkje kom fram.

21-åringen frå Florø er svært prega av situasjonen. Han har søndag forklart seg for politiet, og han fortel også at han har vore i samtalar med psykolog.