Hopp til innhold

Mange snusar på Fjord1

Fleire store ferjeselskap har hatt kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune for eventuelt å kjøpe aksjane i Fjord1.

Fylkeskommunen er usikre på kva dei skal gjera med aksjeposten sin etter at Møre og Romsdal fylkeskommune skal selje sin aksjepost.

Fleire aktørar står, etter det NRK erfarer, klare til å kjøpe Sogn og Fjordane sine aksjar i Fjord1.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers ønskjer ikkje å kommentere saka.