Hopp til innhold

Omkom i mopedulukke

Ein mann i 60-åra vart i dag tidleg funnen omkomen etter å ha køyrt utfor vegen ved Flahamar i Luster kommune. Ulukka skal truleg ha skjedd før midnatt laurdag kveld.

Mannen vart meldt sakna kring klokka 07.00 då han ikkje hadde kome fram til bestemmelsesstaden laurdag kveld. Familien hadde leita etter han i løpet av natta og politiet var iferd med å iverksetje ein større leiteaksjon.

Like etter klokka 09.00 vart mannen funnen omkomen etter at ein tilfeldig forbipasserande hadde lagt merke til ein motorsykkel som låg i flomålet ved Flahamar.

Ulukka har truleg skjedd før midnatt laurdag kveld. Det har solangt ikkje meldt seg vitner til ulukka, og politiet har soleis heller ikkje grunnlag for å seie noko om årsaka til utforkøyringa. Den vidare etterforskinga vil vonaleg gi svar på dette.