26.05.2012

Ministeren vil ha skifte av fokus

Breim 2011 - Kulturminister Anniken Huitfeldt (Foto: Øystein Torheim/NRK)

Kulturminister Anniken Huitfeldt er countryfan. – Det er gjerne countrymusikk som blir spelt når eg kjem heim om fredagane.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Kulturminister Anniken Huitfeldt meiner tida er inne for at countrymusikk og countryfestivalar blir anerkjend på linje med andre musikksjangrar. – No vil eg ha meir fokus på musikken og mindre på alkoholen, seier ministeren.

Kulturministeren besøkte denne helga countryfestivalen på Breim i samband med avgjersla om kva countryfestival som skal få status som knutepunktfestival.

Fleire har kritisert countryfestivalane for å berre dreia seg om fest og flatfyll, og ikkje musikken.

– Like gale andre stader

Kritikken mot countryfestivalane har den siste tida våre stor. Kulturkommentator i Aftenposten og forfattar Vidar Kvalshaug uttalte at publikum er meir opptekne av fest og campingliv, enn av musikken, og at ingen countryfestivalar fortener knutepunktstatus.

Kulturministeren er no lei av kritikken og at countrymusikk og countryfestivalar blir assosiert med fest og flatfyll.

– Eg har vore på mange festivalar, og det er like mykje fyll på alle saman. På andre festivalar må eg ikkje svara på vegner av heile musikksjangeren og festivalen om ein eller annan person som ligg full i ei grøft, men det må eg på ein countryfestival. Det er eg lei av å måtte gjera, seier Huitfeldt.

– Skift fokus

– Eg har fått eit veldig godt inntrykk av både denne og fleire countryfestivalar. Det er skrive nok om fyll i samband med desse festivalane, no vil eg ha fokus på alle dei flotta folka her. Det går føre seg so fantastisk mykje bra på scena, og det frivillige arbeidet rundt er like fantastisk, seier ministeren.

(Artikkelen held fram under reportasjen)

Slit med fyllestempel

Huitfeldt er lei av at countrymusikken ikkje blir anerkjend på same måte som andre musikksjangrar.

– No er det på tide at musikkjournalistar kjem seg på countryfestivalar og melder det som skjer på scena på lik linje med andre musikksjangrar i Noreg. Det går føre seg so mykje spennande i countrysjangeren og det er so mange flotte norske countryartistar.

– Det er på tide at country får same anerkjenning som andre sjangrar, seier Huitfeldt

Presentert i statsbudsjettet

Det er countryfestivalen på Seljord og Country Music festival på Vinstra og Norsk Countrytreff på Breim som kjempar om å få status som knutepunktfestival. Med den statusen kjem rolla som ein leiande festival innan country i Noreg, og statusen gir statlege overføringar over statsbudsjettet.

– Det me legg vekt på er søknaden og ambisjonane om å vera ein knutepunktfestival. Den festivalen som får støtte vil bli eit kompetansesenter for andre festivalar, og må då kunne overføra sin eigen kompetanse til dei andre, seier ministeren.

Avgjersla blir presentert i statsbudsjettet for 2012.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.